Det er trist og eit alvorleg samfunnsproblem
Salmars fiskeoppdrett ved Korsneset i Vinjefjorden.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Fiskeoppdrett
Det har vore kjent lenge at helseproblema i laksemerdane er alvorlege. Millionar av laks lir. Sist i Dag og Tid (1. september) kom det ein lengre artikkel om temaet. Det er som om lov om dyrevelferd ikkje gjeld i ei næring som tener svært godt.
I denne lova heiter det i § 2. Virkeområde: «Loven omfatter forhold som påvirker velferd hos eller respekt for pattedyr, fugler, krypdyr, amfibier, fisk, tifotkreps, blekksprut og honningbier. Loven gjelder tilsvarende for utviklingsstadier av nevnte dyr dersom sanseapparatet tilsvarer utviklingsnivået hos levende dyr.»
Vi merkar oss at alle nemnde dyregrupper er sidestilte. I høve omsynet til velferd er det ikkje skilnad på ku, gris, laks og frosk. Alle føler smerte. Det har vi å taka omsyn til. Lova slår fast at også medskapningane har krav på eit verdig liv. Vi har jamvel eit offentleg tilsyn som skal sikre dette.
Laksenæringa høyrer til ei av dei store eksportnæringane Noreg har. At næringa er stor, fritek ikkje for ansvar. Snarare tvert om. Kanskje det er av di ho er så stor, at denne næringa nærast lyt karakteriserast som frekk. Toppane i laksenæringa er så frekke at dei protesterer mot å betale grunnrenteskatt. All annan bruk av areal her i landet har betalt grunnrenteskatt. Sjølve matrikkelsystemet med gards- og bruksnummer og dertil høyrande skyldmark var nettopp eit system for betaling av grunnrenteskatt. Dette høyrer til dei grunnleggjande prinsippa i vårt samfunn. Vi eig ikkje jorda, men retten til å bruke henne.
Trass i tradisjonar (på land), og trass i at lov om dyrevelferd også gjeld for fisk, har i praksis ikkje fisken fått det same rettsvernet som varmblodige dyr. Lova har klare formuleringar. Likevel er det som om lov om dyrevelferd ikkje gjeld for kaldblodige dyr (fisk) som er ute av syne. Laksen sym inne i merdar. Berre dei som steller dei, ser. Det står likevel ingenting i lova om at dette fritek for ansvar.
Pelsdyrnæringa vart avvikla av di det vart sett på som dyreplageri at streifande rovdyr vart sette i bur. Laksen er streifande rovdyr. Som vill streifar han vidt omkring i heile det nordatlantiske havet. Berre det å sperre tusenvis av slike dyr inne i ein merd er plageri. Dertil kjem alle følgjeproblema med sjukdom og skadar. Til alt overmål ser vi at våre folkevalde i regjering og storting kan vera eigarar av aksjar i lakseselskap. Våre høgste tillitsvalde tener pengar på dette dyrplageriet.
Når vi reknar på kva utbytte lakseoppdrettet gjev, kan det målast i pengar. Då er det glimrande forretning, men når vi måler det i netto tilførsel av ernæring til mennesket, står den norske laksenæringa for eit netto tap som årleg svarar til matbehovet for 3 millionar menneske (om ein reknar at menneske treng eitt kilo mat (tørrstoff) om dagen). Reknestykket er enkelt og det baserer seg på allmenne tal for metabolisme og med utgangspunkt i tal oppgjevne av næringa: Ernæringsverdien av fôret som går med til oppdrettet, minus ernæringsverdien av den oppfôra laksen er mat nok for 3 millionar menneske. Laksenæringa stel maten frå bordet til meir enn helvta så mange menneske som det bur her i landet. Det dreiar seg med andre ord om eit gigantisk sløseri.
På landbruksskolen vart vi innprenta forsiktig oppdrett av matetande dyr. Dei åt maten av fatet vårt. Eit forsiktig hald av gris og høns på slikt fôr som låg i utkanten av matesetelen vår, sikra på hi sida at mindre gjekk til spille. At laksernæringa får lov til å halde på, er merkverdig. Det er vanskeleg å forstå at dette fråværet av inngrep frå offentleg hald ikkje har å gjera med uheldige koplingar i forvaltninga. Det dukkar opp stadig fleire døme på personar som tener på lakseoppdrett, og som står nær sentrale personar i styringsverket.
Likevel er det bakanforliggjande samfunnsproblemet det mest kritiske. Det er tapet av respekt. Vi kan ikkje stole på at politiske vedtak blir gjorde ut frå eit beste upartiske skjønn og i samsvar med lov og rettsoppfatning. Det kan sjå ut til at det berre er ein liten flik vi har fatt i. Både regjeringa Solberg og regjeringa Støre har statsrådar med familieinteresser i laksenæring. Kven kan vi stole på? Kven tek avgjersler ut frå lov og rettsindige vurderingar. Kven fattar vedtak av di det er rett jamvel om det første omgang fører til tap av inntekt?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.