«Det er transfeitt, ikkje metta feitt som er helsefarleg»
Det er vanskeleg å finne studiar som viser at metta feitt utan transfeitt gir auka risiko for hjartesjukdom, skriv Hanna Hånes.
Foto frå PxHere
Det byrja før krigen, men auka særleg etter 1945: stadig fleire menn døydde av hjarteinfarkt og tette blodårer.
Kvifor? Professorane klødde seg i hovudet og forstod ingenting. Då freden kom og velstanden auka, skulle vel færre døy av infarkt og levealderen auka? I staden skjedde det stikk motsette.
Amerikanaren Ancel Keys kom med eit svar som ivrige tilhengjarar greip med begge hender: Det var feitt som var årsaka. Og nokre år seinare: Det er ikkje feitt i seg sjølv, men typen feitt. Det faste, metta feittet. Metta feitt vart definert som alle typar dyrefeitt, altså smør og mjølkeprodukt og alt slags kjøtt. Kokosfeitt blei også teke med. Samanhengen var kolesterol. Personar med høgt kolesterolnivå døydde oftare av infarkt enn andre. Og metta feitt auka kolesterolnivået i blodet.
Den medisinske laboratorieindustrien begynte med kolesterolmålingar i stor stil, og matvareindustrien satsa på lettprodukt av alle slag.
Men fagmiljøa tok for enkelt på det. Kosthaldet i Nord-Europa og USA inneheldt mykje delvis herda feitt. Amerikanarane laga fast feitt ved å delvis herde bomullsfrøolje. I Noreg brukte vi kvalolje og seinare sildolje og andre fiskeoljer. Dette feittet inneheldt mykje kunstig skapte transfeittsyrer, som har fleire skadelege eigenskapar. Lenge blei desse eigenskapane oversett. I mellomtida bidrog industrielt transfeitt til at 440.000 norske kvinner og menn døydde av angina og hjarteinfarkt mellom 1951 og 2000.
Industriskapt transfeitt fører blant anna til ein svak betennelse på innsida av blodårene. Det aukar risikoen for blodpropp og åreforkalking.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.