Desinformasjon om reindrift i Dag og Tid
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Eg har nokre kommentarar til eit lesarinnlegg som stod i Dag og Tid for 25. februar der Unni Jakobsen skriv om reindrift.
Ein logoped skreiv for ikkje lenge sidan i nordnorske medium og forklarte at barn kan få kjeveproblem av å snakke samisk. Difor såg ho seg nøydd til å åtvara mot å snakke det språket. Dette er ei historie frå 2021, ikkje frå 1800-talet. Logopeden heiter Unni Jakobsen.
Unni Jakobsen er ikkje ekspert berre på logopedi, men på absolutt alt som har med samiske tilhøve å gjera. Ingen skriv så mykje om samar som ho, og i siste nummer av Dag og Tid har ho altså eit lesarbrev om reindrift. Der fortel ho at samisk reindrift kom i stand på den måten at vonde innvandra samar urettmessig tok tamrein frå gode innfødde nordmenn og seinare fekk samane urettmessig einerett på næringa.
Kunnskapane hennar i reindriftshistorie er på same nivå som kunnskapane hennar om kjeveproblem.
I dei siste seks månadene av 2021 hadde Unni Jakobsen over 900 anti-samiske innlegg på plattforma Nordnorsk Debatt (930 for å vera presis). Denne jamne straumen av desinformasjon er ei psykisk påkjenning for folk med tilknyting til samiske samfunn, og Hanne Svinsås Magga ved Samisk nasjonal kompetansetjeneste – psykisk helsevern (SANKS) har teke kopi av alle dei 930 innlegga for å ha dokumentasjon. Dømet om kjeveproblem for samisktalande barn har eg henta frå Unni Jakobsen-samlinga hos Svinsås Magga.
Unni Jakobsen skriv ikkje innlegg berre i kommentarfeltet i Nordnorsk Debatt, men mange andre stader òg. Vi kan rekne med at ho skriv minst 2000 innlegg i året.
Eg veit ikkje korleis ein skal møte ein slik desinformasjonskampanje, men avslutningssetningane hennar i innlegget i Dag og Tid 25. februar burde ha fått bjøllene til å klinge i redaksjonen. Her skriv ho: «Passer samisk reindrift i en sivilisasjon? Har samisk reindrift legitimitet i Norge?» Nøkkelordet her er «samisk», for norsk reindrift meiner ho er greitt. Kva ville redaksjonen i Dag og Tid ha gjort om det i staden for «samisk» hadde stått «jødisk». Da ville utsegna ha lydd slik: «Passer jødisk butikkdrift inn i en sivilisasjon? Har jødiske butikker noen legitimitet i Norge?»
Har redaksjonen nokon synspunkt på kvar grensa går for det ein kan skrive?