Derfor er det galskap å ta med små barn langs Besseggen
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ifølge DNT går 60.000 personar denne strekninga i året. Eit tal som aukar. Eg har sjølv høgdeskrekk, men bestemte meg likevel for å gå, fordi det går godt med dei fleste.
99 prosent av turen gjekk heilt fint, men «klatringa» opp mot toppen av eggen, der det er bratt ned på begge sidene, (ca. 400 meter ned til Gjende), var ei skrekkoppleving av dei sjeldne. Har aldri vore så redd i heile mitt 55-årige liv.
På Youtube kan ein sjå at det er svært bratt i det siste partiet før ein kjem til Besstoppen (= Bjørnetoppen), og eg var på førehand klar over dette.
På kjende turmål som Trolltunga, Preikestolen og Galdhøpiggen har eg ikkje vore redd for å snuble slik at eg datt eller sklei utfor. Grunnen til det er at ein der sjølv kan bestemme kor langt ut mot kantane ein vil gå, viss ein i det heile tatt ønskjer å sjå utfor.
På eggen er dette annleis. Like før ein når toppen frå der folk flest tek bilde, finst der ingen klårt oppmerkt sti. Så der har ein ikkje val, men må klatre/krype. På denne strekninga eg hadde null i stil og gjentok for meg sjølv medan eg kraup: Ingen har døydd her! Ingen har døydd her!
Eg bur på Vestlandet og kjende ikkje til den eine personen, ein mann i 70-åra, som mista livet nettopp på denne strekninga i 2018. Fann det ut, på nettet – etter at eg hadde kome heim.
Med så mange fjellvandrarar forstår eg ikkje kvifor DNT ikkje merkjer betre «den enklaste stien opp» og boltar fast nokre kjettingar ein kan klamre seg fast i – på det siste stykket opp mot toppen.
Vurderte ei stund å invitere med meg fadderbarnet mitt på 11-år på turen, men er sjeleglad eg ikkje spurde. Hadde han sklidd, hadde eg aldri tilgitt meg sjølv.
Ei innstendig bøn til slutt. Skal du ta med små born dit? Ver så snill: Ta gjerne med deg eit kort tau til det brattaste partiet. Og enno viktigare: Bruk laaang tid på å forklare dei, om igjen og om igjen, at dei må gå sakte og konsentrere seg.
Til info: Det går an å sjå utsikta frå Besseggen utan å måtte gå opp eller ned sjølve eggen. Går du frå Gjendesheim tek det omtrent to eller tre timar til den mest kjende «fotoplassen». Og etter at du har nytt utsikta, så snur du og går same vegen tilbake. Eit uunnverleg turtips – for oss som har høgdeskrekk.