Der er et yndigt land

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det har vore lærerikt, interessant og morosamt fylgje med Hallgeir Opedal på tur i Danmark. Det er mange av oss som har eit godt og nært tilhøve til Danmark. Kanskje nærare enn til Sverige som vi har vore i krig med, men Danmark har vi berre vore i union med (ja, kanskje litt småkriging).

Mitt første møte med Danmark var i 1962/63 då Kristiansand lærarskule hadde utveksling med Hjørring Seminar. Eg minnest student Pilgaard, som eg og ein student frå Setesdal budde hjå, tok oss med oppi ein kornsilo så vi kunne sjå kor flatt landet er, og det var og er det. Men bakkete nok for ein som skal bruke pedalframkomstmiddel som Opedal.

Det har vore forvitnelege reiser side opp og side, gjennom fleire hundre år dansk og norsk historie. Danmark har også blitt kalla eit syndig land på grunn av umoralen i Istedgade i København. Men her har Opedalen gått klar. Han har hoppa over pornoen, og heller lagt seg på linja til Grundtvig, Kingo og Sandemose. Han har også gått klar av striden om Holberg og Tordenskjold er norske eller danske, og Sandmose ser det ut som danskane har gjeve bort, dei likar vel ikkje janteloven.

Eg har jobba mange gonger i Danmark. Ein av dei fyrste gongene skulle eg til Horsens, og då sa dei i DR i København at der var det så vanskeleg dialekt at eg ikkje ville forstå noko. Tullprat. Og eg har som prinsipp at eg ikkje snakkar engelsk med danskar (og andre nordbuarar), men prinsippet har blitt litt frynsete dei seinaste åra. Etter å ha hatt ei dansk svigermor frå Ebeltoft, forstår eg dansk frå Molboland til Skagen.

Vi har sett og lese her at dansk politikk er ulik den norske. Det er også mi røynsle etter å ha intervjua Glistrup, Ritt Bjerregaard, Poul Schlytter og andre.

Ved eit Folketingsval var eg på Valvake hos Kristeligt Folkeparti, og dei sette ei ølkasse på bordet! Ja, ja, tenkte eg, du er i Danmark; det er ikkje Bondevik som styrer her. Dette var før Valgerd hadde vedgått at ho hadde drukke eit glas raudvin, eller var det to.

Elles ser ein når ein er i Folketinget på Amalienborg at Danmark er eit bondeland der flesk er det viktigaste råstoffet.

I andre høgda står det måla ein del ordtak på veggene slik som dette: «Gud velsigne de nyklipte faar». På veggen i matsalen i det litt kristelege (trur eg) hotellet Skagen Sømandshjem står det eit ordtak meir i Grundtvigs ånd: «Husk dødens visshed, livets korthed og egvighedens uendelighet».

Danmark er eit yndigt land, takk for turen, Hallgeir!