Den underlege rettferda

Publisert

Gudsteneste på NRK TV er tilbake, det er stort og fortener takk. At teksting kjem til, sporar til ekstra ettertanke. Alle er endelaust verdfulle, og i gudstenesta står dette og ordet rettferd sentralt. At opningshelsinga i gudstenester frå Tromsø og Trondheim òg er på samisk, er ei fin understreking av same sak, men det tok lang tid før Kyrkja kom så langt.

Kva med nynorsk? Underleg er, at det i vanlege radiogudstenester over år har vore utruleg få nynorske salmar med, i beste fall «Deg å få skode». Ingen vonde ord om den, tvert om, men er det den eine nynorske salmen prestar og pastorar veit om? Blix med fleire må ha sige i gløymsle bak alle blånar.

Aller underlegast er når det kjem gudsteneste frå ei kyrkje med nynorsk liturgi og tekstlesing, for då kan ein oppleve at der er salmar på både bokmål, svensk og engelsk, ikkje minst det siste, men null nynorske. Preika er helst på bokmål, då slepp presten tidheft.

Ein søndag for ein god del år sidan var det radiogudsteneste frå ei Oslo-kyrkje. Då skjedde det fantastiske i tekstlesinga at orda frå den tids makthavarar var på bokmål, men Jesu tilsvar vart framført på nynorsk. Det sette ting i perspektiv!

Så kvifor ikkje tekstlesing på nynorsk litt oftare, i alle norske kyrkjer?

I norsk styring strevar ein etter å få til representasjon i samsvar med røystetal.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement