Den særeigne norske straffeordninga

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Gratulerer med opplagsauken til Dag og Tid både siste året og i tidlegare år. Avis med høg kvalitet og godt arbeid i bladstova er truleg forklaringa.

Marknadssjefen har god grunn til tydeleg å fortelja om framgangen.

Men kanskje uforvarande set han lyset på den særeigne norske straffeordninga som heiter formuesskatten.

Dei 900 eigarane i Dag og Tid tek ikkje utbytte i pengar. Som eg synest nok alle at god avis er godtgjersle som held.

Gjennom mange år har eg putla og kjøpt aksjar i avisa som framstår som formue i likninga, og som er grunnlag for «rettferdighet». Saman med andre midlar er kjøpet ein del av grunnlaget for formuesskatten som eg ser på som ei rein straff.

Dette dømet frå Dag og Tid kan kanskje få enkelte til å tenkja opp att på kva Stortinget gjer med folk som yter bidrag til å byggja små verksemder.