Den problematiske akademiseringa
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ola Borten Moe, ministeren for forsking og høgare utdanning, vil sjå nærare på akkrediteringskrava. I leiaren i Dag og Tid den 27. mai tek Svein Gjerdåker utgangspunkt i dette og skriv at høgskulane bør gløyma det sjølvpålagde strevet om å verta forskingsuniversitet og heller vera ein klassisk høgskule som satsar på god undervising og eit godt studentmiljø for dei praktisk orienterte profesjonsfaga.
Dette lika ikkje rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), som nå har tilpassa seg akkrediteringskrava, med 44 bachelorutdanningar, 36 mastergrader og 5 ph.d.-program. (Dag og Tid 3. juni). Som støtte for universitetsstrevet viser han også til døme på praktisk retta forskingsprosjekt ved HVL. Vel og bra. Men ein treng ikkje bli universitet for å få til dette.
Det som Yttri ikkje nemner, er den grunnleggjande kritikken mot dei utanfråinitierte endringane som har gått føre seg dei siste tiåra, frå Bologna-prosessen sitt harmoniseringsstrev og til den type akademisering, tilpassinga til forskingsuniversitet, som HVL er eit døme på. Og som har ført til mange konfliktar, jf. striden om Nesna-utdanninga.
Det problematiske med å oversjå dette skiljet, og arbeidsdelinga mellom dei to utdanningsinstitusjonane, blir synleg i lys av to grunnleggjande vitskapsteoretiske spørsmål: Finst det ulike typar kunnskap? Og ulike typar vitskap? Ulike typar forsking? Ulike styringsmodellar? Og i så fall: Korleis påverkar dei ulike tenkemåtane praksis og tilhøvet mellom praksis og teori?
I fråværet av kritisk refleksjon omkring slike spørsmål, har mange av høgskulane tatt for gitt, og underordna seg, tradisjonen og rasjonaliteten til høgstatusinstitusjonen, der teori er kontekstfri og abstrakt.
I den klassiske høgskulen var logikken at ein utvikla teori frå praksis. Dei to tilnærmingane er ikkje berre ulike, dei representerte også to motstridande tenkemåtar og praksisar: fagutvikling ovanfrå og utanfrå, eller fagutvikling innanfrå og nedanfrå. Tilpassing eller medverknad og myndiggjering.
Dei motsetnadene og utfordringane som eg her har peika på, er det nå Ola Borten Moe skal ta tak i. Han starta godt, med Nesna-vedtaket. Men så overlét han oppfølginga av vedtaket til Universitetet Nord, til motstandarane av den praksisorienterte fagrasjonaliteten. Det tyder på at den påpeikte praksis–teori-problematikken ikkje er forstått. For var han det, ville ikkje Moe overlate Nesna-utdanningane til dei som styrer etter andre kriterium.
Akademisering er eit tvitydig omgrep. Med då det er ovanfrå- og utanfråakademiseringa som har hegemoniet, har eg valt å erstatte dette omgrepet med universitetisering, for å ta vare på – og utvide profesjonsutdanningane med dei kvalitetane som akademia – i si beste form – representerer.
Rune Slagstad er ein som lenge har argumentert for ei institusjonell todeling. Og for akademisk opprusting av profesjonsutdanningane, mellom anna med eit danningsår, med Næss si saklegheitslære for å styrka den demokratiske generalistkompetansen og profesjonsutøvarane sitt faglege skjønn.