Utanriks

Den nye staten Aust-Ukraina

Ein må tenkje nytt, meiner Oddgeir Havn.
 

Det foregår intense forhandlingar om Ukraina skal gje frå seg ein del av landet og fråskrive seg Nato-medlemskap for all framtid.
Publisert Sist oppdatert

I desse dagar går det føre seg intense forhandlingar om fred i Ukraina. Dei to springande punkta er om Ukraina skal gje frå seg ein del av landet og fråskrive seg Nato-medlemskap for all framtid. Det finst ei løysing som gjer at Ukraina kanskje kan gå med på begge desse tinga.

For tre år sidan meinte eg at den einaste mogelege løysninga var ei demilitarisert sone kontrollert av FN. Det skulle då bety at verken Russland, Nato eller Ukraina kunne ha militære der, men at denne sona vart ein del av Ukraina. Etter valet i USA i 2024 har verda fått eit svært mektig ego som har gjort FN makteslaus i høve si opphavelege oppgåve. Då må ein tenkje nytt, og då på noko som begge partar kan bli einige om utan hjelp utanfrå. Å opprette ein ny stat med namnet Aust-Ukraina kan vere ei slik løysing.

Vestgrensa for ein slik stat må fylgje omtrent der frontlinja er i dag, med forhandla justeringar. Denne staten kan då liggje som ein buffer mellom partane, som gjer at Ukraina kan greie seg med ein europeisk sikkerheitsgaranti. Ukraina vil kunne akseptere denne løysinga på grunn av symboleffekten av namnet Aust-Ukraina og den nemnde garantien.

Russland vil kunne akseptere ei slik løysing sidan dei vil dominere denne staten på same måte som Belarus.

Dersom ein ser eit stykke inn i framtida, kan ein tenkje seg at både det ukrainske og det russiske folk kan samhandle med folk i denne nye staten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement