Den nye epidemienOvervektEinar KringlenAskerTidlegare var overvekt eit problem i rike vestlege land som USA og England, men i dag har overvekt og feitleik vorte eit aukande problem også i utviklingsland.
Kvinner på veg ut frå McDonald’s i Pretoria i Sør-AfrikaKvinner på veg ut frå McDonald’s i Pretoria i Sør-Afrika
Foto: Obed Zilwa/AP/NTB scanpixFoto: Obed Zilwa/AP/NTB scanpix
Tidlegare var overvekt eit problem i rike vestlege land som USA og England, men i dag har overvekt og feitleik vorte eit aukande problem også i utviklingsland.
Det vanlege målet på graden av fedme er Body Mass Index (BMI), som er kroppsvekt i relasjon til høgde: vekt i kilo delt på kvadratet av høgda. Ein BMI på over 25 står for overvekt og over 30 for fedme. Ein person som er 178 cm høg og veg 78 kg har ein BMI på om lag 24, som er normalt.
Det er vanskeleg å samanlikne land når det gjeld fedme. Men ein reknar at 40–50 prosent av vaksne i USA er overvektige, medan Australia og England ligg på 30–40 og Brasil på om lag 20 prosent. I vestlege land finn vi dei fleste overvektige i lågare sosiale klassar, medan det omvendte er tilfellet i utviklingsland.
Mange land i Afrika er fattige, og folk har lite å ete. Men i fleire land sør for Sahara er overvekt eit problem, langt verre enn mange andre stader i verda. I Ghana, Togo og Benin i Vest-Afrika og i Etiopia har talet på folk med stor feitleik auka enormt dei siste åra. Snøgg økonomisk vekst har fullstendig omskapt desse landa. Innbyggjarane her et junk food, usunn ferdigmat, som ofte er importert frå andre land, og får dessutan mindre mosjon enn før, ettersom folk har flytta frå landsbygda til eit meir stilleståande liv i byane. Mange har skaffa seg bil eller motorsykkel og går ikkje lenger til arbeidet som før.
På same tid er helsestellet her framleis innstilt på å halde nede aids, malaria, tuberkulose og tropesjukdomar, slik at det vert få ressursar att til ikkje-smittsame sjukdomar som diabetes og hjartelidingar, som er nær knytte til overvekt. Faktisk er dagens fedmeepidemi i Afrika verre enn hivepidemien på 1990-talet. I afrikanske land med stor økonomisk vekst ser vi i dag utvikling av ein diabetesepidemi som vil disponere for hjarteinfarkt og innsnevra blodårer med fare for gangren.
Kenya har enno ikkje nådd amerikanske tilstandar der meir enn ein tredel av vaksne er overvektige. Men Kenya fylgjer snøgt etter, berre frå 1990-talet har talet på overvektige dobla seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.