Ordskifte
Den lange skeisemila
Johann Olav Koss tok att tyskaren Frank Dietrich med ein runde og sette verdsrekord og vann OL-gull på 10.000 meter i 1994.
Foto: Johnny Syversen / NTB
Skeisesporten er «i vinden». Endeleg har vi hatt høve til å følge meisterskap på statskanalen igjen, og frå isflata i Milano fekk vi under OL sjå dei nye norske skeiseatletane Ragne Wiklund og Sander Eitrem sanke etterlengta medaljar.
I Dag og Tid har dei snappa tidsånda og hatt fleire fine innlegg om denne litt gløymde nasjonalsporten.
Eg vil gjerne følge opp med nokre fleire funderingar kring det klassiske milløpet – når det kjem til OL. Mange meiner nettopp denne distansen er den gjævaste å vinne. Jo meir slit, desto større prestasjon å gjennomføre. Lang og utmattande – ei utfordring for dei kondisjonssterke og mjølkesyresprengde.
Vi minnest gode langdistanseløparar som Torstein Seiersten, Per Willy Guttormsen, Tom Erik Oxholm, Kjell Storelid, Lasse Sætre og Øystein Grødum. Men det vart lite gull å hente for desse slitarane.
Kva så med dei som verkeleg nådde fram til gullet? Reknar vi frå 1950-talet og fram til vår tid, finst det berre tre namn å hente frå listene: Hjalmar «Hjallis» Andersen (1952), Knut «Kupper’n» Johannesen (1960) og Johann Olav Koss (1994). Det rare er at våre store milslukarar i mange OL «måtte nøye seg med» 5000 meter-gullet.
La oss repetere frå historia: I 1964 låg alt til rette for at Knut Johannesen skulle hente seg eit velfortent gull på mila. Men nei, ein ismaskin og ein svenske stod i vegen, og i Innsbruck gjekk gullet til den arrogante Jonny Nilsson. «Kupper’n» måtte ta til takke med 5000 meter-sigeren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.