Den kunstige intelligensen må kontrollerast

Publisert

Kunstig intelligens har blitt ein realitet i samfunnet og i den allmenne diskusjonen, og at fenomenet blir tatt på alvor både i avisredaksjonane og blant lovgjevarane, synest vera på høg tid.

Sidan livet oppstod på planeten, har DNA-et langsamt og sikkert auka «informasjonen» hos levande vesen. Hos nokre arter utvikla det seg medvit. Mennesket (og andre slektningar i dyreverda) «vakna», såg seg ikring og blei intellektuelt medvitne om verda ikring og om seg sjølve.

Oppfinninga av skriftkulturen gjer at informasjon kan overleverast frå ættled til ættled i langt større omfang enn tilfellet var mellom tidlegare generasjonar. Det sette fart på tankekraft og nyvinningar. Menneske har fått hjernekapasitet til å konstruera stadig fleire og meir avanserte maskinar, maskinar som overtar arbeid for menneska. Maskinen samlar og systematiserer informasjon meir effektivt enn me er i stand til, og nyttiggjer seg informasjonen.

Neste steg: Maskinen reproduserer, forbetrar og spesialiserer seg sjølv, utan hjelp frå mennesket. Prosessen minner om evolusjonen i naturen, men går langt raskare. Held denne vidareføringa fram, vil kunstig intelligens overstiga den menneskelege. Maskinen tenkjer sjølv, og utviklar eigen vilje, kanskje i konflikt med vår.

Stephen Hawking: Det er ingen avgjerande skilnad på korleis hjernen til ein meitemark verkar, og korleis ein computer arbeider. Ifylgje evolusjonslæra er det heller ingen kvalitetsskilnad på hjernen til ein meitemark og hjernen til eit menneske. Dersom datamaskinen held fram med å fylgja Moores lov og dobla farten og minnet kvar attande månad, ser Hawking for seg at me står overfor «an intelligent explosion», som i ytste konsekvens endar med at intelligensen til maskinen overstig tankeevna til mennesket med meir enn mennesket overstig meitemarken.

Utviklinga av kunstig superintelligens kan bli enten det beste eller det verste som hittil har hendt i menneskets historie. Den historia er, fram til nå, som kjent ikkje berre ærerik. Kanskje kunne KI hjelpa oss med å bøta på nokre av dei skadane som for eksempel industrialiseringa historisk er ansvarleg for? Innan helse, arbeid, undervising og vitskap kan det som hittil er oppnådd på slike felt komma til å bleikna i framtida. Fattigdom vil kunna utryddast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement