Den keisame politikkenPolitikkPer Tore DalenPolitikk er vorte keisamt, meiner Jan Inge Sørbø (Dag og Tid 5. oktober). Det kjem av at dei sakene Stortinget handsamar, ikkje er viktige nok, og politikarane saknar kunnskap. Tittelen på artikkelen, «Geispar lø
Politikk er vorte keisamt, meiner Jan Inge Sørbø (Dag og Tid 5. oktober). Det kjem av at dei sakene Stortinget handsamar, ikkje er viktige nok, og politikarane saknar kunnskap. Tittelen på artikkelen, «Geispar løvene?», hentar Sørbø frå Georg Apenes, som i 1989 hadde observert noko liknande. «Kva kan ein gjera?» spør Sørbø, og han svarar: «Ein kan vona på ei tilbakevending til dei viktige sakene i politikken og at politikarane i større grad brukar fagkunnskap for å forstå kva som er dei viktige sakene. Det gamle mottoet: ’all makt i denne sal’ må i dag tyda ’den viktigaste kunnskapen i denne sal’.»
Det er gjerne slikt vi høyrer frå professorar no om dagen. Men om Stortingssalen vert omgjord til eit akademisk seminarrom, kan vi vere visse på at løvene ikkje berre geispar, men legg seg til å sove for godt. Kan det ikkje tenkjast at det er politikkomgrepet som har endra seg? Kunnskapsomgrepet òg, for den del. I 1980-åra var ei liberal vending noko nær fullført, og det innebar at politikken ikkje lenger hadde noko substansielt innhald, men hadde vorte ein reiskap. Det vil seie stort sett for økonomi og velferd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.