Religion
Den katolske kyrkja under krigen
Biskop Jacob Mangers på trappa til St. Torfinn kapell på Hamar.
Foto: Digitalt museum / Domkirkeodden
Det er ingen grunn til å tvila på det Sigrun Slapgard skriv om den katolske biskopen i Oslo, Jacob Mangers, her i avisa 6. juni. Ho byggjer på det som kjem fram i boka Kirken og okkupanten av Else-Britt Nilsen og Knut Ruyter. Biskopen vart skulda for å vera ettergjevande for okkupasjonsmakta. Han var sjølv ikkje tysk, men frå Luxemburg, og leidde Oslo katolske bispedøme fram til 1962.
Biskop Mangers har elles fått eit jovialt ettermæle: Han var godsleg og omgjengeleg, og om sundagskveldane var prestane velkomne til sigarar og kortspel i stova hjå biskopen.
Heilt annleis var det med Johs. Wember, apostolisk prefekt og frå 1955 biskop i Tromsø. Han viste lite hjartelag mot prestane sine og var etter det eg har fått fortalt, både einvis og eineveldig. Men sjølv om han var tyskar, hadde han ei heilt anna haldning til dei tyske okkupantane enn biskopen i Oslo hadde. Han var ikkje berre heilt på norsk side, men var så aktiv i motstandsarbeidet at han vart dekorert av norske styresmakter etter krigen.
Eg opplevde sjølv som prestevikar i Tromsø at hans velgjerningar under krigen fekk fylgjer i byen så seint som i 1987. Det skulle koma eit tysk cruiseskip til Tromsø med 750 katolikkar om bord. Dei ville gjerne gå til messe i Tromsø. Han som då var biskop, Gerhard Goebel, hadde søkt kyrkjelydsrådet i domkyrkja om å få låna kyrkja deira til ei messe for tyskarane – kyrkja hans hadde berre litt over 100 sitjeplassar. Men svaret frå rådet var nei.
Då tok avisa Nordlys opp saka og gjekk attende til 1944, då Finnmark vart brend og folket flykta. Mange kom til Tromsø – så mange at sjølv domkyrkja laut takast i bruk som innkvarteringsstad. Dette var lenge før den såkalla økumenikken; frontane var skarpe og kalde mellom Den katolske kyrkja og Den norske kyrkja. Likevel opna prefekt Wember Vor Frue katolske kyrkje for lutheranarane, slik at dei kunne ha sundagsgudstenesta der så lenge flyktningane frå Finnmark trong husrom i domkyrkja.
Byen hadde ikkje gløymt dette, og folk vart så harme over vedtaket i kyrkjelydsrådet at den lutherske biskopen laut gjera det om. Biskop Goebel fekk halda katolsk høgmesse i den lutherske domkyrkja for 750 tyske katolikkar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.