Den «grøne» Hamsun?Markens GrødeÅsmund BjørnstadTakk for det mangfaldige lyset på Hamsuns ulike natursyn i DT 28.9. Likevel ber det gale av med
Takk for det mangfaldige lyset på Hamsuns ulike natursyn i DT 28.9. Likevel ber det gale av med Markens grøde. Isak Sellanrå står nemleg for det stikk motsette av mangt som i dag er «grønt».
Alt i opningslina er «den lange, lange sti over myrene inn i skogene» teiknet på eit kulturlandskap: «Mennesket, den første som var her.». Isak bryt stubb og kjenner «et avgjort kall for myrer»: «Å, en dyrket mark var et stort gode, den virket på ham som orden og rett og dertil som nytelse». Isak gjer villmarka til ein hage.
Dette er svært langt frå den jordtypen Naturdirektoratet for nokre år sidan klassifiserte som «kunstmark». Dyrking av myr er forbode og «gjenvilling» prioritert, der mennesket gjev naturen tilbake til å styre seg sjølv. Frå å vere ein medskapar hjå Hamsun er mennesket sett under tiltale framfor ein «biosentrisk» domstol der alle organismar har sine (like?) rettar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.