Den eigentlege kommunereforma?ESAHERDIS HELLEOSTERØYI Dag og Tid 8. desember etterlyser advokat Anita
I Dag og Tid 8. desember etterlyser advokat Anita Sundal i Virke tiltak som gjev private bedrifter like gode konkurransevilkår som ho meiner det offentlege har. Bakgrunnen er at ESA vil at offentlege tenester som konkurrerer med private, skal leggast i selskap som betalar skatt og kan gå konkurs. Sundal seier det er misvisande å omtale dette som ei kommunereform.
Sundal kan ha rett, men eg er ikkje overtydd. Korkje ho eller ESA seier nemleg konkret kva tenestetilbod saka gjeld. Dei seier heller ikkje om ei slik reform vil redusere offentlege utgifter, og gje innbyggjarane betre og billigare tenester. Det må advokat Sundal snart svare på. Ho er medlem i På like vilkår-utvalet som regjeringa har bedt utgreie dette.
Eg er spent på konklusjonane. Private leverandørar konkurrerer, eller ynskjer å konkurrere, med det offentlege på stadig fleire område. Som døme, kan ein nemne drift av sjukeheimar, heimetenester, tannlege- og legetilbod, SFO, offentleg transport, hamn, renovasjon og asylmottak. Mange av tenestene er kraftig subsidiert. Det gjeld òg dei private tenestene som kan vere offentleg finansiert.
I På like vilkår-utvalet er det vel ulike meiningar om konkurransesituasjonen og subsidieringa gjer at reformer er naudsynt. Organisasjonstilknyting og fagleg-politisk ståstad kan påverke standpunkta. Arbeidsgjevarorganisasjonane vil seie at EØS-avtalen krev like konkurransevilkår og at offentlege og private må konkurrere om å levere alle desse tenestene. Kommunane vil hevde det motsette og syne til at dei ikkje skal betale skatt for å yte lovpålagde tenester. Arbeidstakarorganisasjonane ser på løns- og arbeidsvilkåra og vil ikkje ha endringar som fører til fleire anbod. Finansdepartementet ynskjer auka inntekter frå kommunane og vil ha skattlegging. Konkurranserettsjuristane vil finstudere rettspraksis på leit etter ein fasit som ikkje finst, og økonomane sine svar vil variere ettersom dei trur at det er tilbodsidereformer eller andre verkemiddel som best sikrar effektivitet i offentleg sektor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.