Den berrsynlege sanninga om tysk SpråkfagRonny OsloOle Jonny Larsen kallar artikkelen min om i skulen for tendensiøs og meiner eg brukar fakta på ein tvilsam måte. Han kritiserer ei rekkje punkt i artikkelen. Eg meiner han tek feil, og hovudgrunnen til de

Publisert

Ole Jonny Larsen kallar artikkelen min om tyskfaget i skulen for tendensiøs og meiner eg brukar fakta på ein tvilsam måte. Han kritiserer ei rekkje punkt i artikkelen. Eg meiner han tek feil, og hovudgrunnen til det skal eg gje med ein gong: Dei fagre, men farleg høgreiste Sunnmørsalpane som kransar Ålesund by, stengjer for utsynet hans.

Men eg tek eit par småpunkt fyrst. Larsen meiner det ikkje er så naudsynt med tyskkunnskapar, for unge tyskarar skjønar engelsk, i motsetnad til dei fleste spansktalande. Vel, så lett er det ikkje. Eg har jobba som tysk- og nederlandskguide i mange år. Alle føretrekkjer å kommunisere på morsmålet sitt. Eg opplevde at liketil nederlendarar, det folk i Europa som truleg talar engelsk best, kom att år etter år for å høyre nokon guide på morsmålet. Ei masteroppgåve eg viste til i artikkelen (søk på Nina Lødøe på nettet, så finn du omtale av oppgåva), viser at det ikkje sjeldan oppstår knute på tråden i forretningskorrespondansen mellom tyskarar og nordmenn, trass det høge nivået av engelsk dei begge hevdar å meistre.

Eg innser at omtalen av tysk i skulen på syttitalet var upresis. Men det var vel med god grunn at tysk var einaste mogeleg framandspråk, bortsett frå engelsk. Det er den stendig aukande etterspørselen etter tysk som eg omtalar i artikkelen, eit prov på. Men eg vil på ingen måte attende til ein skule med berre tysk som valfritt framandspråk. Det viktige er at balansen blir atterreist.

Så attende til Sunnmørsalpane. Larsen nemner den viktige eksportnæringa av kleppfisk på heimetraktene som ein grunn til å lære spansk, i tillegg til portugisisk, skulle eg vel tru. Det er fullt mogeleg det forsvarar ei større interesse for spansk enn tysk på sunnmørske skular, men tyder ikkje at denne språkfordelinga skal gjelde andre stader. På berga på slektsholmen min på Helgeland, Jarholmen, låg det fleire hundre kleppfisk og blenkte i sola før krigen. Men i dag er kleppfiskberga, den gong visstnok mellom dei beste nordafjells, øydsleg tomme. Kleppfisknæringa er nemleg sentrert i dag kring Ålesund. For ein ålesunding er det nok naturleg å etterlyse spansk, men gjeld det oss andre?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement