Dei som bevegar verda
«Utan teknologi, ingen kultur eller samfunn.»
Ingeniørar har stått bak mang ei teknologisk utvikling.
Foto: Equinor
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Danning
Eg vil takka historikaren Håvard Teigen for eit spanande lesarbrev 23. august, «Historikarane, Napoleon og Spinning Jenny», der han tek til motmæle mot meg og innhaldet i min artikkel «Utan ingeniørar, inga danning» den 9. august. Han verkar krenka på vegner av historikarane.
Helmer Dahl og boka hans Teknikk, kultur og samfunn, som artikkelen min tek utgangspunkt i, viser særs tydeleg at det er ingeniøren som har lagt grunnlaget for kulturen og samfunnet me lever i. Me er samde. Denne måten å sjå verda på var ny for meg då eg fyrst las boka for meir enn førti år sidan.
Ein ting er kva folk har skrive i bøker som står i nedstøva bokhyller hjå Håvard og meg, noko heilt anna er kva ein lærer på skulen. Historieundervisninga i vidaregåande skule har 28 kompetansemål, og berre eitt av dei handlar om teknologi: «Eleven skal kunne reflektere over hvordan teknologiske omveltninger fra den industrielle revolusjonen til i dag har endret menneskers liv og formet forventninger til framtiden.»
Den teknologiske utviklinga starta sjølvsagt mykje tidlegare enn den industrielle revolusjonen. I tillegg endra ikkje teknologien berre livet vårt, men kulturen og samfunnet òg.
Kva med historiefaget på universiteta? Lat oss sjå på studietilbodet ved det største og beste universitetet vårt, Universitetet i Oslo. Eg har gått igjennom alle emna og finn ikkje eit ord om teknologi. Konklusjon: Me utdannar historikarar som er heilt medvettslause om kva som styrer historia. Her må nok Helmer Dahl inn på pensumlista fortare enn råd er.
Så gjer Håvard meg merksam på økonomen Nikolaj Kondratjev sin bylgjeteori. Eg har brukt helga til å lesa, med stor glede. Å kalla det teori er vel å dra det langt, men at nye tekniske oppfinningar dreg vekslar på gamle, er vel ikkje so overraskande. Nei, då har eg meir sans for økonomen Joseph Schumpeter sitt omgrep kreativ destruksjon. Det å erstatta det gamle med noko dramatisk nytt. Det er det som driv verda vidare.
Så krev Håvard at eg skal svara på nokre spørsmål:
Er teknologiens forklaring på økonomisk og kulturell vekst eit tilbakelagt stadium?
Teknologien forklarar ingen ting som helst. Han berre mogleggjer kultur og samfunn. Utan teknologi, ingen kultur eller samfunn.
Og spalta Teknologi skal gje svar på spørsmålet: «Korleis fungerer den nye teknologien som omgjev oss?»
Dette er vel ikkje eit spørsmål, men meir eit krav om at eg ikkje skal vera med i debatten om danning. C.P. Snow sine to kulturar lever framleis.
I 1999 kom innstillinga frå Danningsutvalet for høgare utdanning «Kunnskap og dannelse foran et nytt århundre». I komitéen var sjølvsagt naturvitarar og ingeniørar herleg fråverande. Utvalet var fylt til randa med filosofar og statsvitarar. Det er heilt klårt at nokon vil ha danninga for seg sjølv.
Humaniora sitt syn på naturvitskap og ingeniørar kan kanskje oppsummerast med fylgjande ord frå Jon Hellesnes’ essay «Ein utdana mann og eit dana menneske»: «Fagmannen ser hårstrittande, ufjelga og distré opp frå sine partiklar og strukturar. Han ser rundt seg og forstår ingenting.»
Lat oss heller alle verta danna.
Per Thorvaldsen er fyrsteamanuensis i kommunikasjonssystem ved Høgskulen på Vestlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.