Dei skaffar oss maten

Publisert Sist oppdatert

Ludvig Holbergs Niels Klim fell ned gjennom eit hol frå Fløien i Bergen og landar på ein underjordisk planet. Her blir han vist rundt i landet Potu, og blir mellom annna tilhøyrar til ein hyllingstale over ein avdød. Så kva slags stand og stilling kan den døde ha hatt, «hvis Minde saa høitideligen blev æret?» Svaret er at det var ein bonde.

«’En Bonde,’ skrattar Klim, ’hvorfor blive ikke ogsaa Stude og Tyre, Bøndernes Staldbrødre og Medarbeidere, ligeledes roste fra de offentlige Talesteder?’» Men verten ber han stansa hånlåtten, «og underrettede mig om, at Agerdyrkerne vare i største Akt her for deres nyttige og vigtige Beskiæftigelses Skyld, og at ingen Stand holdtes for ædlere i dette Land end Bondestanden.» Når bøndene i Potu kjem til byen med årets grøde, blir dei møtte av byens øvrigheit og helsa med basuner. Niels Klim er med andre ord kommen til den bakvende verda: «Jeg tænkte tilbage paa Bøndernes Skiebne hos os, der sukker under en forhaanet Trældom, og hvis Beskjæftigelser aktes ringe.»

Bøndene er, som me veit, den viktigaste yrkesgruppa i landet – dei skaffar oss maten. Likevel har dei ikkje stått særleg høgt på den sosiale rangstigen. Forakta heng igjen i språket. Ordet «bondsk» er synonymt med noko simpelt og tilbakeståande. «Bønder i byen» hadde strengt tatt ikkje noko i byen å gjera, det var utpå bondelandet dei høyrde til. Nedvurderinga har gått på sjølve yrket, men vel så mykje på det kulturelle: levevis og språk. «Man skriver dog ikke som bønder taler!» sa embetsmenn og byborgarar.

Me kan kalla det eit paradoks, og historisk går det igjen i land etter land: Alle treng mat. Men den yrkesstanden som skaffar maten, har blitt blir sett ned på i samfunnet.

Har det å gjera med lukta av fjøs og svart mold? Med vadmålsklede kontra parfymerte parykkar og kjeledressar kontra kvitsnippar? Klassesamfunnet delte inn folk i rike og fattige, «fine» og «simple». Tungt kroppsarbeid var simpelt. Det finaste var å vera så rik at ein ikkje trong å arbeida i det heile tatt.

Gamle tenkemåtar er seigliva. Innlærte haldningar forplantar seg ned gjennom generasjonane. Folk som kjenner det politiske miljøet, hevdar at fordommar på ingen måte berre er å finna i folkedjupet, dei eksisterer også i korridorane på Løvebakken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement