Dei nye kuppa i Latin-Amerika

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Statskuppa i Latin-Amerika på 2000-talet skil seg frå dei på 1900-talet ved at dei militære spelar ei mindre rolle.

Latinamerikanske militærkupp mot lovleg valde regjeringar har alltid kunna rekna med støtte frå dei øvste sosiale gruppene. Ei endring skjedde med dei ekstremt brutale militærdiktatura på 1970-talet, noko som førte til ein demokratisk konsensus frå 1980-talet av. Ikkje berre vekte undertrykkingsmetodane avsky. Nyliberalismen som diktatura gjekk hand i hand med, førte til manglande stabilitet og krise over heile verda, frå Mexico i 1994, i asiatiske land i 1997, via krisa i Russland i 1998 og til det finansielle krakket og sosiale opprøret i Argentina i 2001. Verda – også Latin-Amerika – var overmoden for nye løysingar.

Dei nye rosa og raude regjeringane som såg dagens lys rundt hundreårsskiftet, definerte seg spesielt mot den nyliberalismen som hadde vore dominerande sidan 1970-talet i Latin-Amerika. Søking etter større politisk demokrati stod høgt på dagsordenen, det same gjorde økonomisk omfordeling og ein politikk med latinamerikansk einskap som skulle vera progressiv, mangfaldig og uavhengig av berre ei eller eit fåtal stormakter. At dei tradisjonelle makthavarane såg seg truga, fekk ein klare døme på då representantar for nye sosiale grupper kom til makta på 2000-talet: dei innfødde (Bolivia), arbeidarklassen (Brasil, Venezuela) og kvinner (Chile, Argentina).

Reaksjonane frå høgresida lét ikkje venta på seg. Det blei lagt stor vekt på å utvikla ein politisk strategi der næringsliv, rettsvesen og massemedium blei tildelte hovudroller saman med politikarane. Ei første prøve på den nye strategien kom alt i 2002, med kuppforsøket mot Hugo Chávez i Venezuela. Kuppmakarane, som hadde støtte frå somme militære leiarar, sette Pedro Carmona, leiaren for næringslivsorganisasjonen Fedecámaras, i presidentstolen, dei oppløyste den lovleg valde nasjonalforsamlinga og høgsterett, samstundes som dei annullerte 49 lover, mellom dei jordlova og petroleumslova. Men grunnplanet reagerte og fekk etter berre eit par dagar sett Chávez fri frå ein arrest han hadde gått med på for å unngå at det skulle flyta meir blod.

Liknande kuppforsøk, med liknande resultat, fekk vi både i Bolivia (2008) og Ecuador (2010). Kuppet i Bolivia hadde episenter i det «kvite» sør, som truga med lausriving frå resten av landet, og der dei rasistiske undertonane var klare. Reaksjonen var mot eit nytt pensjonssystem, mot ei lov om olje og gass og mot president Evo Morales, som hadde fått 67,43 prosent av dei røysteføre med på at han kunne halda fram som president. I Ecuador kom det til eit opprør frå politiet, som hevda den nye lova om offentlege tenester gjekk imot deira interesser. Så vel i Bolivia som i Ecuador blei fleire titals fattigfolk drepne, og bak stod høgresida understøtta av dei viktigaste massemedia.

Mobilisering mot dei nemnde kuppforsøka var viktige for å slå dei tilbake, men fleire andre vann fram: Haiti (2004), Honduras (2009), Paraguay (2012), Brasil (2016) og Bolivia (2019). Dei militære spelte ei rolle, om enn noko sekundær, ved somme av desse kuppa. Rettsvesenet, derimot, tok til å verka ved kuppa og spelte med i avsettinga av Manuel Zelaya i Honduras (2009), i den politiske rettssaka mot Fernando Lugo i Paraguay (2012) og ved riksretten mot Dilma Rousseff i Brasil (2016). Det har vist seg at det «nye» høgre appellerer både til den lovgivande makta og til rettsvesenet for å stoppa sosiale reformer og eventuelt avsetta utøvande makt.

Dagens kuppmakarar nyttar metodar frå tidlegare tider for å svekka tilliten til venstreregjeringar. Spesielt tyr ein til økonomisk sabotasje for å gi inntrykk av at venstresida ikkje kan styra. Likevel: På 2000-talet er det den parlamentariske kampen som står i sentrum, noko vi i dag ser eit eklatant døme på i Peru, der Pedro Castillo er blitt skulda for valfusk då han vann presidentvalet i 2021. I tillegg går klagemåla på korrupsjon og på plagiat i masteroppgåva(!). Håpet er å oppretta ei eller anna sak mot han og få han avsett. Korrupsjon og manipulering av val og informasjon har vore dei knaggane ein har nytta for å setta i gang rettssaker eller parlamentariske prosessar mot politikarar ein er usamd med, anten klagemåla har rot i røynda eller ei.

Den sosiale polariseringa er sentral i høgresida sin strategi over heile Latin-Amerika. Dagens lovverk gir lite rom for venstresida til å gå rettens veg. Det som må til, er eit lovverk som gjeld ved interne konfliktar, spesielt ved forsøk på destabilisering og alliansar med utanlandske element. Ekstra viktig blir det å ha juridiske sanksjonar mot dei som driv med økonomisk destabilisering. Lett blir det ikkje når ein tar omsyn til kor konservative og politiserte domstolane er.