Dei grå sonenePRESSEETIKKGARD STEIROOSLOSkal vi la vere å nedkjempe pedofilinettverka, om vi ikkje kan gjere det på ein rein måte? spør Kaj Skagen i førre utgåve av Dag og Tid.
Faksimile frå VG Helg 8. oktober 2017.Faksimile frå VG Helg 8. oktober 2017.
Skal vi la vere å nedkjempe pedofilinettverka, om vi ikkje kan gjere det på ein rein måte? spør Kaj Skagen i førre utgåve av Dag og Tid.
Retoriske spørsmål krev normalt ikkje lange svar. Skagen breier seg over to avissider. Eg dristar meg til å summere opp kommentaren i to setningar: Politiet må ha vide fullmakter for å stogge overgrep. VG heng ut kvite riddarar som kjeltringar.
Skagen er ikkje aleine om å krevje hardare lut i kampen mot kriminelle. Når offera i tillegg er barn og motiva seksuelle, er refleksen at mål trumfar middel. Forfattaren er alt anna enn original.
Eg er delvis samd med Skagen. Politiet treng fleire verkty om dei skal redusere spreiinga av overgrepsbilete. Mest av alt må samarbeidet på tvers av landegrenser bli betre.
Men eg er overraska over at Skagen ikkje ser problematiske sider ved operasjonen VG omtala. Eg blir usikker på om han har forstått saka. Metodebruken vår har han i alle fall ikkje fått med seg.
Skagen skriv at VG «hacka» seg inn på nettstaden. Vi har ikkje hacka noko som helst. VG har kartlagt korleis overgrepsbilete blir delte. Serveren politiet nytta, fann vi på heilt legalt vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.