«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»
Foto: Tankesmien Agenda
Lars Kolbeinstveit etterlyser meir høgttenking frå meg i hans kritikk av mitt intervju med Dag og Tid i førre nummer. Det kjem her: Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse. Også eg.
Eigeninteresse blir forma ut frå kva slags samfunn ein ønskjer seg. For Arbeidarpartiet har det lenge vore hovudoppgåva å fremme interessene til arbeidsfolk og etter kvart også store delar av middelklassen. Høgtlønte og borgarskapet har hatt andre parti som har kjempa for deira interesser.
For Ap har det handla om å sørgje for arbeid til alle, for rett til ei anstendig lønn, sjukelønn, pensjon og ein trygg arbeidskvardag. Seinare har det vore å utvide velferdsstaten slik at også dei som aleine ikkje hadde råd til god helseteneste og god utdanning, likevel kunne få det.
Sjølv synest eg det er betre å kunne stole på at eg har tilgang på god og gratis helsehjelp frå det offentlege, framfor å frykte at eg må setje meg inn i ulike tilbod, ta risikoen det inneber, og betale for det sjølv, den dagen eg blir sjuk.
Eg tykkjer det er betre at skattepengane mine blir brukte til å redusere prisane i barnehagane, enn å gi skattekutt til dei aller rikaste i landet. Fordi det tener sånne som meg.
Som akademikar veit eg òg at små forskjellar er bra for samfunnet som heilskap. At det gjer den sosiale mobiliteten betre, at det styrker tilliten mellom folk og institusjonar, og er betre for den økonomiske utviklinga i landet. Eg vil bu i eit slikt samfunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.