JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Tankesmien Agenda

Foto: Tankesmien Agenda

3103
20240614
3103
20240614

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eigeninteresse

Lars Kolbeinstveit etterlyser meir høgttenking frå meg i hans kritikk av mitt intervju med Dag og Tid i førre nummer. Det kjem her: Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse. Også eg.

Eigeninteresse blir forma ut frå kva slags samfunn ein ønskjer seg. For Arbeidarpartiet har det lenge vore hovudoppgåva å fremme interessene til arbeidsfolk og etter kvart også store delar av middelklassen. Høgtlønte og borgarskapet har hatt andre parti som har kjempa for deira interesser.

For Ap har det handla om å sørgje for arbeid til alle, for rett til ei anstendig lønn, sjukelønn, pensjon og ein trygg arbeidskvardag. Seinare har det vore å utvide velferdsstaten slik at også dei som aleine ikkje hadde råd til god helseteneste og god utdanning, likevel kunne få det.

Sjølv synest eg det er betre å kunne stole på at eg har tilgang på god og gratis helsehjelp frå det offentlege, framfor å frykte at eg må setje meg inn i ulike tilbod, ta risikoen det inneber, og betale for det sjølv, den dagen eg blir sjuk.

Eg tykkjer det er betre at skattepengane mine blir brukte til å redusere prisane i barnehagane, enn å gi skattekutt til dei aller rikaste i landet. Fordi det tener sånne som meg.

Som akademikar veit eg òg at små forskjellar er bra for samfunnet som heilskap. At det gjer den sosiale mobiliteten betre, at det styrker tilliten mellom folk og institusjonar, og er betre for den økonomiske utviklinga i landet. Eg vil bu i eit slikt samfunn.

For mange svært høgtlønte er dette reknestykket mindre gunstig. Og derfor røystar dei kan hende på parti som gir dei ein annan «deal». Men dette gjeld på langt nær alle akademikarar, og vi veit at mange akademikarar røystar på parti som er både raude og grøne.

I Noreg står dei fleste som lukkast, på skuldrene til andre folks arbeid, offentlege investeringar og felles eigde ressursar. Samstundes er det ein tendens til at folk tenkjer det berre er deira eiga forteneste, slik Harvard-forskar Michael Sandel blant anna beskriver i si bok Meritokratiets tyranni.

Den eine konsekvensen av å leve i eit meritokratisk tyranni er at eiga ulukke og lukke blir hundre prosent individualisert. Vi gløymer at vi er ein del av eit fellesskap. Den andre konsekvensen er at vi mister respekten for vanleg, ærleg arbeid. «The dignity of Work», kallar Sandel det. Jobbar som ikkje krev lang utdanning, som gjeld dei fleste jobbar, er liksom ikkje like gode.

Å snu denne trenden, trur eg er ein av dei viktigaste vegane til høgare oppslutning for Ap. Mitt poeng i intervjuet med Dag og Tid (31. mai) var at når ulikskapen og usikkerheita aukar, blir gevinstane som vi får av dagens fellesskapsløysingar, reduserte.

Og dersom eg ikkje lenger er like trygg på at helsevesenet står der den dagen eg treng det, dersom hardt arbeid ikkje lenger er nok til å kunne leve eit godt liv, men dei som har mest frå før berre drar ifrå uavhengig av kva eg gjer – da kan det vere eg må tenkje på ein anna måte om mine interesser òg.

Tiril Rustad Halvorsen er rådgivar i Tankesmien Agenda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis