Dei, der og då – vi, her og nå
Heimefronten paraderer opp Karl Johans gate mot Slottet fredsdagane 1945.Heimefronten paraderer opp Karl Johans gate mot Slottet fredsdagane 1945.
ScanpixScanpix
Marte Michelet har skrive ei bok om den norske motstandsrørsla og deira forhold til den katastrofale og tragiske aksjonen mot jødane.
Boka reiser mange spørsmål, fleire av kjeldekritisk art som bokmeldarane har tatt opp.
Men ho reiser også eit tidlaust spørsmål i all historieskriving: Kor hardhendte skal vi vere mot fortida og aktørane der, når vi møter dei med vår tids normer og verdiar, først og fremst med den omfattande kunnskapen vi i ettertida har, men som dei berre hadde stykkevis?
Når vi skal dømme om fortida og hennar aktørar, kor stor vekt skal vi leggje på det som vart sagt og gjort, og kor stor vekt skal vi leggje på situasjonen?
For nokre år sidan kom det ei bok som prøvde å skandalisere og kriminalisere norske motstandsmenn som under krigen drap livsfarlege fiendar, rettslause og straffefrie drap med andre ord.
Ramma for drapa, den oppheva rettsstaten og det rettslause tyranniet, var borte i den forteljinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.