Debatt om Nato-medlemskap

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Måndag 28. mars vart Nato-medlemskap diskutert i Dagsnytt 18. Og Raudt-leiar Bjørnar Moxnes var i hardt vêr fordi fleirtalet av Raudt-veljarar er for Nato-medlemskap, medan partiet har utmelding på programmet.

«Nato-medlemskap har tent oss godt,» sa motdebattanten frå Arbeidarpartiet. Han meiner openbert at Nato har berga oss frå åtak frå Sovjetunionen. Men 24. oktober 2014 skreiv Nils Morten Udgaard i Aftenposten ein artikkel under overskrifta «Stalins ’sfære’ reddet Norge»:

«Stalin hadde allerede i desember 1941, med tyske armeer i kamp utenfor Moskva, forbløffet britenes utenriksminister Anthon Eden i Kreml med helt klare tanker om hvor russernes innflytelse skulle gå etter krigen. De skulle ha siste ord i de baltiske landene og Øst-Europa og stort sett gjenopprette Tsar-Russlands gamle grenser. Dette bad Stalin britene godta.»

Noreg var altso ikkje innanfor Sovjetisk interessesfære. Og då Sovjetiske soldatar frigjorde Aust-Finnmark i oktober 1944, stogga dei ved Tana bru. Og den øvste sjefen for styrkane fekk nei frå Stalin då han spurde om dei skulle gå vidare sørover.

Noreg og Russland har aldri vore i krig med kvarandre, men no meiner ein at me kan frykta åtak – ja, jamvel Finland og Sverige òg. På grunn av åtaket på Ukraina meiner ein at Putin er ein ny Hitler, som har store ambisjonar.

Nokre tal frå ein artikkel i Aftenposten av Peter Englund (side 50) 17. mars viser styrkjetilhøvet mellom Nato og Russland:

«I 2020 hadde USA, Storbritannia og EU til sammen et brutto­nasjonal­produkt på 38.952 milliarder dollar, mens Russlands nasjonalprodukt lå på 1483 milliarder dollar.» Og i 2021var Vestens militærbudsjett til saman på 1030 milliardar dollar. Russlands for same året var på 63 milliardar.

Den russiske militærmaskina er ikkje suveren i kamp med ukrainarane. Kan då Russland (med sine ressursar) truga heile Europa? Forstå det, den som kan!

No skal militærutgiftene aukast i alle vestlege land. Hjå oss er det løyvt tri og ein halv milliard ekstra – til glede for dei som produserer våpen.

Det var slikt som dette Eisenhower tenkte på, då han ved avgangen som president i 1961 åtvara mot det militærindustrielle kompleks.