Dag og Tids identitet NynorskHallvard Hegna Den 27. september fekk eg to meldingar frå Dag og Tid. Den eine kom på e-post og galdt abonnentar som ikkje hadde fått bladet i posten. «No kan du lese Dag og Tid som e-avis», stod det.
Kartet syner infinitivsending over heile landet.
Den 27. september fekk eg to meldingar frå Dag og Tid. Den eine kom på e-post og galdt abonnentar som ikkje hadde fått bladet i posten. «No kan du lese Dag og Tid som e-avis», stod det.
Den andre «meldinga» var ein reklame for Dag og Tid på baksida av Syn og Segn: «Prisen vil forplikte oss til å lage (mi utheving) ei god og viktig avis kvar veke. Svein Gjerdåker, redaktør i Dag og Tid, i takketalen for Fritt Ords Pris.»
Her presenterer Dag og Tid seg for lesarar og publikum med e-infinitiv – ein identitet som ikkje bør vera identiteten til eit «flaggskip» for nynorsken! Frå Ivar Aasens tid har a-infinitiv vore karakteristisk for nynorsken. Slik er det ikkje lenger. No er e-infinitiven på god veg til å verta standard. Dette vart stadfest eit par dagar seinare i ny Dag og Tid-reklame i posten.
Det ålmenne skiftet til e-infinitiv har gjenge stilt for seg, over tid, noko som aldri har vore omtala eller diskutert – ikkje før underteikna tok det opp. Etter 2012, då nynorsken fekk ei norm som likestiller nynorskformer med bokmålsformer, har ein ikkje vilja ha nokon diskurs. No har a-infinitiv vorte unnatak, til dømes i Syn og Segn. Og Dag og Tid har òg mest e-infinitiv. Alle offentlege brev har e-infinitiv, ogso i det meste frå Språkrådet. Ein tenkjer visst at «slik skal nynorsken vera i dag»! I NRK, som har mykje nynorsk teksting, har eg heller ikkje sett anna enn e-infinitiv. Tekstarane har nytta sin «eigen» nynorsk. Men eg har hatt kontakt med Reidun Martol, som styrer med tekstinga, og sundag 7. oktober fekk eg ei gledeleg overrasking: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu var teksta med a-infinitiv. No fekk sjåarane sjå god, tydeleg nynorsk att.
I Noregs Mållag har det òg skjedd noko. Leiaren skriv gjera og vera i leiarartiklane sine, og siste utgåva av Norsk Tidend har god overvekt av a-infinitiv.
Redaktør Svein Gjerdåker er vossing. Han fylgjer målføret sitt og nyttar a-infinitiv i alt han skriv. For meg, som er telemarking og har kløyvd infinitiv i målføret, vert lage og lese, vere og leve bokmål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.