Dag og Tid sviktar samfunnsansvaret sitt

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Tine får hard medfart av redaktør Svein Gjerdåker i ein leiar han skriv i avisa si, Dag og Tid 24. juni, om avviklinga av ysteriet vårt på Voss. I ein ganske så svak analyse av situasjonen blir vi ikkje trudd på visjonen eller samfunnsoppdraget vårt, og han stemplar oss som sentraliserande.

For ei avis som beskriv seg sjølv som vidsynt og som ein viktig motpol til majoriteten av Avis-Noreg som blir stadig meir like kvarandre, er det vanskeleg å godta at ikkje redaktøren set seg meir inn i sakskomplekset og ønsker å belysa det faktiske problemet, framfor å scora billege poeng.

Import og grensehandel av ost aukar stadig. Berre sidan Noreg opna opp igjen etter pandemien i februar i år, har dette ført til 2500 tonn mindre ost ut frå Tines anlegg, omtrent det same som anlegget på Voss produserer årleg. Dette gjer at alle kvitostysteri i Tine har ein enorm overkapasitet som igjen betyr at det blir færre kilo ost å fordela kostnadene på. Denne vonde spiralen fortset med at osten blir dyrare, og voluma fortset å søkka.

Løysinga til Gjerdåker og Dag og Tid er å lukka auga og halda for øyra og håpa at det går over. Det ville ikkje redda Voss, men ville ført til at fleire av anlegga våre ville fått redusert voluma ytterlegare, og tiltaka må vera tilsvarande tøffare.

Til slutt er det mjølkebonden som sit igjen med problemet. Voluma har vorte reduserte drastisk, og livsgrunnlaget og moglegheita for å driva gardsbruk over heile landet forsvinn. Då er det verdt å minna om at eigarane til Tine er sjølve garantisten for det Noreg som Gjerdåker ønsker seg, og det vi i Tine seier i visjonen vår. Ein nyleg ringverknadsanalyse gjort på effekten av Tine-bøndene i dette landet viser at kvar einaste bonde i snitt står for 2,4 årsverk utanfor bruket sitt. Fasiten blir omtrent 26.000 årsverk og 23 milliardar kroner i verdiskaping.

Sidan Gjerdåker meiner Tine (som i heilskap er eigd og styrt av bøndene sjølv) ikkje speler på lag med bøndene (som altså eig Tine) i seg sjølv er eit paradoks, passar det fint å la lokale bønder seie dette sjølv.

Produsentlagsleiarar på Voss, Ove Neteland og Leif Arne Lirhus, skriv dette til Hordaland Avis: «Skal me som mjølkeprodusentar kunne halda fram og driva og helst investera for framtida, ja, då må me diverre ta slike leie val. Vi ynskjer å halda fram med mjølk her på garden, men då må Tine driva effektivt.»

Og: «Me er lei oss for avgjerda om å legga ned meieriet på Voss. Men livsgrunnlaget for bøndene i Noreg må sikrast. Tine må gjera sitt gjennom å gi bonden høgast mogeleg pris for mjølka.».

Visjonen vår, «saman skaper vi eit levande Noreg», legg vekt på saman. Vi treng alle gode krefter til å skapa det Noreg vi ønsker oss. Vi håper Gjerdåker vil gjera sitt med å setja søkelyset, ja, vidsynet, på trusselen og utfordringane mot vår felles visjon og ønske – ikkje berre ta dei som ønsker å gjera noko med det.