Dag og Tid og målpolitiske tema

Publisert

Erlend Bakke, medlem i Noregs Mållag, vil at Dag og Tid skal skriva meir om politikk som har fylgjer for nynorsken (Dag og Tid 6. august).

Han nemner fleire aktuelle tema: Kva fylgjer den komande nye opplæringslova kan få eller bør få for nynorsken og elevane? Korleis synest Dag og Tid at Noregs Mållag spelar korta sine andsynes dei politiske partia og utdanningsbyråkratiet? Kvifor greier ikkje Kunnskapsdepartementet og Utdan­ningsdirektoratet å tryggja at lærarstudentane og elevane her i landet lærer seg nynorsk godt?

Den redaksjonelle lina i Dag og Tid er klar. Vi er fyrst og fremst ei avis på nynorsk, ikkje om nynorsk. Det er ei fornuftig avgrensing, for utan kunne den einaste riksavisa på nynorsk fort vorten dominert av målpolitisk stoff.

Dag og Tids oppgåve er å prøva å styrkja nynorsken ved å laga ei så god avis som mogeleg, slik at så mange som mogeleg – nynorskingar som bokmålingar – vil lesa henne.

Dessutan legg vi vekt på godt språk – og held oss difor med korrekturlesarar. Det bidreg til å heva kvaliteten og såleis respekten for avisa.

Og vi skriv mykje om det norske språket. Dialektferda til Håvard Rem er eit av mange døme på det. I 2019 og 2020 reiste han landet rundt og skreiv om korleis dialektane lever i litteratur, vitskap og kvardagsspråk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement