Cupfinaleminne

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

For ei tid sidan mintest Andreas Skartveit Fotballklubben Viking sine bravadar på 1930- og 40-talet. Først mintest han tapet mot Mjøndalen for sine heltar frå Rogaland i 1933, og så vart det eit nytt tap mot Skeid igjen i 1947, før dei endeleg vann over Lillestrøm i 1953. Men så var det denne krigen, då. Cupfinalen i 1940 gjekk som planlagt, men så vart alt verre i 1941, då NFF (fotballforbundet) som svar på «nyordninga» til Nasjonal Samling (NS) og okkupanten, la ned arbeidet sitt i februar. Det kom som respons på tiltak om å få kontroll på Noregs Idrettsforbund frå NS i november 1940. Då tok NS styring på Idrettsforbundet, og resultatet vart drettsstreik. Lag etter lag la gradvis ned aktiviteten.

Frå 1941 til 1945 kan ein ikkje snakke om «NM-cup» lenger i tradisjonell forstand. I Fotballforbundet si soge skriv Olstad og Goksøyr om konsekvensane av nedlegginga ved å vise til ein klubb som Skeid, som mista så mange som 5–600 medlemmar. Landet over la klubbar ned aktiviteten, med nokre unntak, som Pors, Ørn, Urædd og ikkje minst Viking, som vart «norsk meister» i fotball i 1943 og forsvarte tittelen året etter. Vikings historie frå 1963 fortel ikkje om desse rekordane. Ei heller om korfor klubben ikkje la ned, eller dei moralske aspekta bak det å halde fram under streiken.

Korfor valte ein så velsett idrettsleiar og -utøvar frå førkrigstida, Johan Høigaard å halde aktiviteten i gang? Han forsvann rett nok ut av Vikings organisasjon etter krigen i det som må ha vore eit moralsk oppgjer med dei «samarbeidsvillige» i leiinga. Men vi får ikkje nokon presentasjon av kva som føregjekk i kulissane i klubben. Høigaard vart til og med «æresmedlem» i 1944. Andre sentrale i leiinga forsvann også i oppgjeret, men nokre av dei var tilbake til finalen i NM i 1953. Kanskje Andreas Skartveit kan røykje ut om denne delen av Vikings historie?

I mellomtida gler vi oss nordpå over at Bodø/Glimt er i finalen igjen. Den klubben takka kontant nei til «nazifiseringstiltaka» i idretten og la ned arbeidet sitt då klubbens eigneluter vart konfiskerte i februar 1942. Då foreslo NS at klubben skulle slå seg saman med B&OI under ny, felles formann – ein NS-mann frå byen. I løpet av 1942 konstaterte ein at laget låg nede, og først våren 1945 kunne leiken med lêrkula ta til igjen i ein utbomba by der tyske okkupantar dels hadde øydelagt banar, utstyr og garderobar. I mellomtida hadde Glimt-laget drive med «illegal idrett» i protest mot okkupasjon og hardstyre, slik «gode nordmenn» ville det skulle vere, når dei skreiv historia om idretten i etterkrigstida. Med i NM kunne dessutan ikkje nordnorske lag vere skikkeleg før i 1963. Men det er ei anna historie.