Catalonia, folkerett og demokrati CATALONIAHALVOR ASKERProfessor Peter har i siste utgåva av Dag og Tid ei betraktning kring kommentaren min om sjølvstende for Catalonia, som stod på prent i Dag og Tid 6. oktober.
Professor Peter Ørebech har i siste utgåva av Dag og Tid ei betraktning kring kommentaren min om sjølvstende for Catalonia, som stod på prent i Dag og Tid 6. oktober.
Eg vil fyrst av alt takka Ørebech for innlegget hans. Professor Ørebech er ein solid jurist, og han hentar fram mange viktige moment frå folkeretten til den pågåande debatten. Om eg skal samanfatta det Ørebech skriv, meiner han at internasjonal lov, i dette tilfellet FN-resolusjon 2625 frå 1970 saman med FN-pakta, gjev det ein kan kalla for «folket» rett til sjølvråderett. Ettersom dette «folket» ikkje er identisk med det «folket» som det blir tala om i den spanske grunnlova, må det forbodet som ligg i den spanske grunnlova mot å dela opp staten, settast til side.
«Statenes rettigheter og plikter – slik det formuleres i 1970-resolusjonen (til FN) står tilbake for folkenes rettigheter i henhold til FN-pakten, hvorav ’folkesuvereniteten’ er det viktigste prinsipp», skriv Ørebech.
Eg tvilar ikkje på at Ørebech har rett på dette punktet. Hadde spørsmålet om sjølvstende for Catalonia kome opp for ein internasjonal domstol, ville det ikkje ha vore heilt utenkeleg at dei som går inn for sjølvstende, hadde fått medhald.
Men argumentasjonen min gjekk ikkje fyrst og fremst etter folkerettslege prinsipp. Argumentasjonen min var meir grunna på demokrati versus ikkje-demokrati. Her kjem folkeretten – etter mi meining – til kort ettersom han ikkje skil mellom statar tufta på demokrati kontra ikkje-demokrati. Eg meiner altså at ein stat bygd på demokrati, er meir legitim enn ein stat som ikkje er bygd på demokrati. Kort sagt: Noreg er ein meir legitim stat enn til dømes Nord-Korea, uansett kva det står i internasjonale traktatar.
Den spanske staten er tufta på ei demokratisk grunnlov, vedteken av det spanske folket i ei folkeavstemming. Difor er grunnlovskonservatisme bra i Spania (og i Noreg), men ikkje bra i Nord-Korea eller i Syria.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.