Utanriks
Byggjer Kina ei supermakt?
Med denne muren møtte Kina og president Xi Jinping den franske kollegaen Emmanuel Macron og kona i Beijing i desember 2025.
Foto: Jeanne Accorsini / SIPA / Reuters / NTB
Journalist Per Anders Todal har gjeve oss lesarar eit realistisk overblikk over den kinesiske økonomien.
Vestlege observatørar var inntil for få år sidan opptekne av å forklåra alle problema i kinesisk økonomi, og kvifor det må gå gale. Men no er spådommane om kollaps tona ned, og ein er oppteken av å forklåra kvifor det går så godt. Til no er det dei meir instrumentelle forklåringane som rår grunnen, slik Todal peikar på.
Årsakene til Kinas økonomiske framgang er mange; nokre kan òg vera sivilisatoriske og tankemessige: Kinas styringsideologi er sett saman av konfusianisme, med sitt kritiske blikk på historia, vekt på sosialetikk og disiplin, kombinert med ein kinesisk sosialisme med framtidsretta målstyring av økonomien, og ein stat som er aktiv økonomisk deltakar, ikkje berre tilretteleggjar. Innanfor desse rammene arbeider den moderne kinesar hardt og målretta, med tru på framtida, i eit samfunn ikkje næra av frykt.
Vestverdas modell dei siste hundreåra har vore utvikling av individuelle rettar i form av liberalt demokrati og velferd, kombinert med aggressiv kolonisering, ekspansjon og ideologieksport.
Kina har ikkje lytta til våre velmeinte (og stort sett mislukka) råd for utvikling av eit fattig land; ein har satsa på kollektive sosioøkonomiske menneskerettar, utvikling av industri og handel og no – dei siste åra – byggjng av ein velferdsstat i harmoni med natur og miljø.
Verken i historia eller i noverande politikk er det noko som tyder på at Kina vil utvikla seg til ei aggressiv supermakt: Kina er ei stor, men i hovudsak nøytral handelsmakt. Militæret tryggjer Kinas grenser og er ikkje eit instrument for global ekspansjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.