Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Byggjer Fosen-domen på ei lygn?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2013
20230421
2013
20230421

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det samiske

Brikker fall på plass ved lesnad av det velskrivne essayet til Morten Strøksnes om det norske og det samiske. Eg har leia og delteke i fleire prosjekt for å få ned elgpåkøyrslar på veg og bane. Viltpåkøyrslar er eit stort internasjonalt problem for bilistar, jernbane og vilt, og mange tiltak er prøvde ut for å skremma bort vilt frå samferdsleårer. Røynsler frå mange land viser at vilt lærer at ufarlege skremmeåtgjerder, som dei registrerer med hørsel, syn og lukt, er ufarlege. Når ville dyr kan læra det, vart eg forundra over at tamrein ikkje kan venja seg til vindturbinar. Det verka merkeleg at 44 prosent av vinterbeitet til tamreinen på Fosen er tapt for alltid, at ikkje reinen vil gå til lav eller utkøyrt fôr ved vindturbinane dersom det er lite fôr andre stader.

Min fyrste tanke var at det bør setjast opp vindturbinar ved innmarka til bønder, i hagane til byfolk og langs Nordlandsbanen der tamrein ikkje bør vera. Men so kom tvilen, ville ikkje tamrein læra like godt som anna hjortevilt at det ufarlege er ufarleg?

Morten Strøksnes gav meg eit svært sannsynleg svar på gåta. Tamreinekspertane som domstolen støtta seg på, har truleg uttalt seg ideologisk utan dekkande data. Ein uavhengig fagkommisjon burde gå gjennom all internasjonal kunnskap om skremming og styring av vilt, all kunnskap om korleis industrianlegg påverkar tamrein og, ikkje minst, alle data som ekspertane bygde på.

I viltforvaltinga har me mange døme på vusseleffekten, oppkalla etter ei forteljing skriven av A.A. Milne i 1926. Ole Brumm og Nasse Nøff fylgde eit spor i snøen, det vart fleire og fleire spor – og dei vart sikrare og sikrare på at dei var på sporet etter ein vussel, kva det no måtte vera. Til slutt kom Christoffer Robin og fortalde at dei fylgde sine eigne spor rundt eit tre. Ut frå kunnskap om ville klauvdyrarter verkar den manglande læreevna til tamrein å vera ein vussel.

Torstein Storaas er professor emeritus ved Høgskolen i Innlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis