Bustadproblemet på bygdene
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Dag og Tid tok på leiarplass før sumarferien (nr. 28–30) opp temaet «bustadproblemet på bygdene». Problemet som vart teke opp, var dette: «Ikkje så reint sjeldan høyrer vi om fastbuande som gjerne vil kjøpe seg hus på bygda, men som taper bodrunden mot pengesterke kjøparar utanfrå som skal bruke bustaden til feriehus.» Så drøftar avisa også tiltak og luftar tanken om sterkare skattlegging av sekundærbustadar brukte som feriehus.
Men er dette problemet med å skaffe seg hus på bygda? Kanskje vi skulle starte med ein breiare inngang til bustadproblemet på bygdene?
Da ville eg ha starta her: Det blir nesten ikkje bygd nye bustadar i store delar av Bygde-Noreg. Dette trass i at bygder flest har ledige og billege tomter.
Spørsmålet er: Kvifor er det slik? Demografiutvalget (NOU 2020; 15) har analysert dette. Problemet er at det er langt dyrare å bygge nytt enn andrehandsverdien på huset. Spissformulert: når den unge husbyggaren set nøkkelen i døra, har hen lidd eit økonomisk tap på mange hundre tusen dersom huset må seljast. Salet kan vere eit resultat av at vedkomande misser jobben, at ekteskap eller sambuarskap rivnar, eller andre grunnar. Det er uforsvarleg å ikkje ta omsyn til andrehandsverdien av den største investeringa ein person eller hushald gjer i karrieren. Så uforsvarlege er ikkje husbyggarar flest. Derfor blir det bygd så få bustadar, sjølv om det er bustadmangel.
Og kvar er vi da – dersom denne analysen er riktig? Jo, da er problemet at det er for få kjøparar samla sett (hus brukt som bustad, sekundærbustad, fritidshus). Prisane er for låge sjølv om den fastbuande taper bodrunden. Den brukte bustaden blir seld til lågare pris enn det eit tilsvarande nytt hus ville ha kosta. Med større etterspurnad etter hus ville husbyggarar kunne selje med vinst, og fleire hus ville bli bygd, både av personar som bygger eige hus, og firma som bygger for vidaresal.
Vi veit alle at det i veksande byar er omvendt. I heile etterkrigstida (med eit par kortare unntak) har viktigaste inngang til velstand for folk flest i byane vore verdistiging på eigen bustad. Denne verdistiginga har gjeve tilgang til lån som så kan brukast til å kjøpe fritidshus på bygda, slik også Dag og Tid skildrar det.
Bustads- og fritidsbustadmarknaden er altså ei stor maskin som produserer større skilnad i velstand mellom by og land.
Politiske tiltak som skattlegging, tilskot og så vidare. bør etterlysast sterkare som del av distrikts- og regionalpolitikken. Tiltak som reduserer etterspurnaden etter bustadar enda meir på bygda, er noko av det verste som kan skje. Buplikt er eit døme på heilt øydeleggande tiltak dersom formålet er å fremje bustadbygging. Demografiutvalet foreslo som tiltak at hus på bygda kan leigast ut skattefritt. Svenskane har eit system der tap ved andrehandssal kan kome i frådrag på skatten. Det er eit stort og viktig problem avisa greip fatt i – og riktige tiltak trengst.