Historie

Brochmann – den gløymde varslaren

Bertram Dybwad Brochmann var forfattar, forlagsmann og politikar. Biletet er tatt ein gong på 1930-talet.
Publisert

Tenk om ein av dei som mest klarsynt varsla om krisene i vår tid – økonomisk ustabilitet, militarisering og økologisk kollaps – døydde for snart 70 år sidan, dømd og gløymd?

Bertram Dybwad Brochmann (1881–1956) åtvara tidleg mot eit system der økonomisk vekst og krigsindustri går hand i hand. I dag er det nettopp eit slikt system som rår – med klima, fellesskap og menneskeverd som tapar.

Han var politikar, folkeopplysar og pasifist. Han grunnla Samfundspartiet, vart vald inn på Stortinget, skreiv meir enn 40 bøker og tok eit kraftig oppgjer med både kapitalismen, krigslogikken og kyrkja. Partiet hans var åleine om å stemme mot tvangssterilisering, og då han sjølv vart vald inn på Stortinget, nekta han å ta imot løn. Han ville ikkje leve på fellesskapet i ei tid prega av økonomisk naud. Det handla om prinsippet om å leve i samsvar med det ein forkynner.

Etter krigen vart han dømd for landssvik. Ikkje fordi han støtta nazistane, men fordi han nekta å godta den moralske svart-kvitt-tenkinga som prega etterkrigstida. Han ville forstå kvifor det gamle systemet kollapsa – og kvifor krig og undertrykking får fotfeste i moderne samfunn.

Kjernen i kritikken til Brochmann var økonomien. Ikkje tala, men tankegangen. Han skilde mellom realøkonomi, som handlar om å skapa og halda oppe liv, mat, helse, hus, omsorg – og fiktivøkonomi, som handlar om renter, profitt og talspel. Når tal styrer liva våre, blir gjeld viktigare enn menneskeverd og vekst viktigare enn velferd.

Han peika på korleis bankar og børsar veks – ikkje fordi dei skaper verdiar, men fordi dei eig tal. Når slike verdiar får definere kva som er lønnsamt, blir også krig lønnsamt. Då blir våpenproduksjon, spekulasjon og naturøydelegging verdsett, medan fellesskap, førebygging og fred blir rekna som utgifter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement