Arkitektur
Brenner viser kor stygt systemet er
Blokker i Nydalen i Oslo.
Foto: Sigrid Heiberg
NRK-serien Stygt gjer noko inga stortingsmelding og ingen reguleringsplan har klart: å få vanlege folk til å løfte blikket, sjå på bygningane rundt seg og seie det høgt: «Var dette eigentleg vellukka?» Det er ei demokratisk bragd i seg sjølv. For i eit land der bygging ofte blir behandla som ein privat hobby for utviklarar med djupe lommer, er det frigjerande å sjå ein serie som stiller dei verkelege spørsmåla: Kva har gått gale?
«Arkitekturopprøret» har ikkje rett i alt, men dei har treft ein nerve, som Hans Olav Brenner no følger opp. Mange arkitektar og politikarar går i forsvarsmodus, men me må ta inn over oss det som er sant: Me har fylt landet med altfor mange firkanta plastkassar i grått, bygde med materialar som knapt overlever ein generasjon, og me riv solide bygg for å erstatte dei med noko som sjeldan tilfører identitet eller kvalitet. Det blir peika på stygge bygg, men det verkelege problemet er stygge system.
Noreg byggjer no ned meir natur enn noko anna land i Europa. I landet som ein gong bygde stavkyrkjer som kunne stå i 1000 år, blir det no bygd mykje som korkje er vakkert, varig eller noko å vere stolt av.
Stygt gjer det meisterleg: Serien viser kvifor. I første episode seier byarkitekten i Indre Østfold at norsk bygging er «nesten 100 prosent utviklarstyrt». Det er spissa, men ikkje langt frå sanninga. Eg merkar sjølv kor mykje makt dei mest pengesterke aktørane har over både kva som blir bygd, og kvar. Ein fersk doktorgrad av Hanne Winger Minde ved Universitetet i Bergen viser korleis rundt 70 prosent av reguleringsplanane i Noreg er private, og utviklarane har eit stort handlingsrom.
Noreg har aldri hatt så mange milliardærar som no, og dei økonomiske skilnadene mellom folk er like store som i 1912. Kvifor godtek me dette? Og kvifor i holaste skal eigentleg Bjørn Dæhlie eige norske tinghus?
Når den rådande tankegangen er at me i verdas rikaste land ikkje har «råd» til velferd i kommunane, eller til å byggje med kvalitet, er det jo ikkje så rart at ting går skeis. I Sverige har 150 kommunar byarkitekt. I Noreg: seks. Systemet er no slik at kvalitet blir kutta for å spare offentlege utgifter eller for å auke profitten til private investorar. Begge delar er kortsiktig og går ut over fellesskapet på sikt. Arkitektar blir reduserte til tekniske konsulentar, kommunane manglar kompetanse, og politikarar veit ikkje kva verktøy dei faktisk har.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.