Borehol i skatteparadisSkattFredrik ZimmerOsloDag og tid undrast på kvifor riggselskapa på norsk sokkel betaler lite skatt til Noreg (Dag og Tid nr. 17). I røynda er svaret gjeve i artikkelen: Riggane vert som regel eigd av selskap som høyrer heime i utlan

Riggen West Hercules borar i Barentshavet, 2017.
Riggen West Hercules borar i Barentshavet, 2017.
Publisert

Dag og tid undrast på kvifor riggselskapa på norsk sokkel betaler lite skatt til Noreg (Dag og Tid nr. 17). I røynda er svaret gjeve i artikkelen: Riggane vert som regel eigd av selskap som høyrer heime i utlandet – svært ofte i skatteparadis. Og av den prisen som Statoil og andre operatørselskap betalar for boreoppdraget, gjeld den avgjort største delen leige av sjølve riggen. Det kan nok hende at prisinga mellom riggeigarselskapet og det selskapet som står for boringa på norsk sokkel, er påverka av interessefellesskapet mellom desse selskapa. Men ettersom den store posten her er sjølve leiga av riggen, er det ikkje så merkeleg at denne inntekta vert tilordna riggeigarselskapet. Den prisen som Statoil og andre operatørselskap må betala for boreoppdraget, kan derimot vanskeleg vere prega av noko interessefellesskap, for operatørselskapa og riggselskapa tilhøyrar ikkje same konsern. Derfor er det neppe treffande, som det heiter i artikkelen, at delar av grunnrenta knytte til oljefunna, lek til riggeigarselskapa i skatteparadis. Ei annan sak er at høge skattar kan minska kostnadsmedvitet hos operatørselskapa, men det har i så fall ikkje noko å gjera med skatteplanlegging.

Sjølv om inntekta av riggleige vert tilordna riggeigarselskapet i utlandet, er det ikkje med det sagt at inntekta ikkje kan vere skattepliktig i Noreg. For at ein utlending skal være skattepliktig i Noreg, må han driva verksemd her eller ta del i slik verksemd som andre driv her. Høgsterett avgjorde i 1997 at den som leiger ut ein eigendel til den som driv verksemd i Noreg, ikkje kan seiast å vere deltakar i denne verksemda. Høgsterett la same syn til grunn i ei sak frå 2015. Grunngjevinga er at den som leigar ut ein eigendel, skal ha si leige, men han tek ikkje del i mogelegheita for større inntekt om det går bra, eller for tap om det går dårleg. Det er slik utleige – gjerne omtala som utleige på bareboat-basis – riggeigarselskapa driv med. Det er vel heller ikkje urimeleg at dei landa der boreriggen er bygd, og kostnadene til dette i stor mon er dregne frå, også får skattlegge ein del av verdiskapinga. Om desse landa misser skatten av di riggen er eigd i skatteparadis, er det desse landa, og ikkje Noreg, som har tapt skatteinntekter og som bør ta i bruk mottiltak.

Men kva da om riggeigaren eigentleg er norsk, kan han komme utanom skatteplikt til Noreg ved å registrera boreriggen i eit selskap i eit skatteparadis? Så endefram er det likevel ikkje. Eit eige regelsett om såkalla norskkontrollert utanlandsk selskap (NOKUS) inneber at om norske aksjonærar eig minst 50 prosent av aksjane i eit selskap i eit skatteparadis (lågskatteland er lovas nemning) eller kontrollerer eit slikt selskap på annan måte, vert aksjonærane skattlagde som om dei dreiv verksemda sjølv. Det vil seia at dei vert skattlagde løpande i Noreg for overskottet ved utleigeverksemda. Så kan det sjølvsagt finne stad tilpassingar til desse reglane også, til dømes ved at dei norske interessentane eig mindre enn 50 prosent av selskapet i skatteparadiset (som i høgsterettssaka frå 2015).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement