JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Blått hydrogen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Greta Thunberg, som vurderer klimakrisa betre enn dei aller fleste, seier at dei fine orda til politikarane berre er bla bla.

FLAVIO LO SCALZO

3240
20211015
3240
20211015

Klima

Klimakrisa er meir dyster enn nokon gong. For å nå klimamåla i Parisavtalen må verda halvera klimautsleppa til atmosfæren innan 2030 og fasa ut all bruk av fossilt drivstoff innan 2050 eller før. Politikarar i alle land har intensjonar om slike reduksjonar, men Greta Thunberg, som vurderer klimakrisa betre enn dei aller fleste, seier at dei fine orda deira berre er bla bla. Ein prognose for utslepp fram til 2030 viser dessverre ein global auke i utsleppa på 16 prosent (The Guardian).

Eg likte draumen Jens Stoltenberg hadde i 2006 om ta ut CO2 frå kjelder som slepper ut denne gassen, komprimera han og lagra han for alltid under havbotnen (CCS). Men ingen har realisert draumen, for tek ein ut CO2 frå ei utsleppskjelde eller frå atmosfæren, krev det energi etter fysiske lover. I tillegg kostar det noko å lagra CO2. Med andre ord, det kostar pengar, og til no har ingen fått CCS til å løna seg. Men dette kan skje når me ved lov sluttar å bruka atmosfæren som søppeldyngje.

Likevel, den gode draumen lever vidare, no også i ein utvida versjon der ein vil reinsa fossil gass for CO2 og samstundes produsera hydrogen, ein rein energiberar. Her satsar Noreg i Øygarden med ei konkret realisering, produksjon av blått hydrogen i større mengder (Bergens Tidende 30. september). Soleis byggjer dei ikkje mindre enn eit anlegg for ei heilt ny form for fornybar energi. Målet er å konkurrera med andre former for fornybar energi, spesielt energi frå sol og vind. Den nye energien har mange store fordelar framfor energi frå sol og vind, som dessverre treng altfor store flater om me vil bruka energi som no.

Slik CCS kostar, kostar det å reinsa gass for å produsera hydrogen. Det usikre ved satsinga er kor høg prisen blir på eit kilo hydrogen. Om klimakrisa skal løysast, må me før 2050 få ei internasjonal lov som forbyr utslepp av fossilt drivstoff. For tida aukar prisen på utslepp, og han må auka mykje fram mot 2050. Då vil hydrogen konkurrera godt i pris med annan fornybar energi. Om ein lykkast, blir det heilt i orden å leita etter nye gasskjelder. Då kan norsk oljeverksemd overleva med berre gass.

Det aller viktigaste er å løysa klimakrisa. Skal blått hydrogen bli ein ny og viktig faktor i dette må utviklinga skje svært raskt. Mange spesialistar meiner tida er for knapp til å satsa på hydrogen. The Guardian har truleg det beste daglege klimaordskiftet i verda. Dei er svært skeptiske til ei storsatsing på hydrogen. Dei kallar dei som trur på hydrogen, for «hyps», folk med ei heilt urealistisk tru på at hydrogen kan løysa klimakrisa. Men satsinga i Noreg er reell, driven av folk som trur på draumen. Men dei må visa svært gode resultat innan nokre få år.

Så godt som all produksjon av olje må avviklast innan kort tid. Ein dom i Nederland viser oss vegen å gå. Han pålegg Shell å reinsa alle sine produkt for CO2 innan kort tid. Slik må ein også avvikla norsk produksjon av olje med lov. Vår vilje til å tena oss rike må vika for viljen til å løysa klimakrisa. Husk at me alt har omtrent 16 gonger meir fossilt drivstoff enn det me kan bruka for å nå klimamåla.

Eg ber draumen om å løysa klimakrisa, og eg ber for Greta Thunberg.

Sigbjørn Grønås er professor emeritus i meteorologi.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Roque Rachel Salas Rivera er poet, omsetjar og redaktør, og ein av poetane i antologien.

Foto: Poetry Foundation

Meldingar

Ung amerikansk dikting på norsk

Felles for fleire i antologien er viljen til å trekkja moderne teknologi og media djupt inn i diktinga.

Kjetil Berthelsen

Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
EinarHaakaas

Det trugande utanforskapet

På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fargerikt om tolsemd

Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.

Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.

Foto: Christopher Helberg

BokMeldingar
Odd W. Surén

Endringar til godt og vondt

Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis