Framtidig forvaltning av våre hav handlar om korleis vi tek godt nok vare på dei. For oss som driv med sjømat, er framtidas drift ein del av klimaløysingane. Vi kallar det heile eit blått taktskifte.
Det er gledeleg å sjå at Dag og Tid endeleg har fått auga opp for Havpanelet i artikkelen «Berekraft i det blå», Dag og Tid 3. september. Ni månader etter at Erna Solberg, som leia utvalet, la det fram, har berekraftig bruk av våre norske havområde fått to sider i avisa.
Sjømat Norge representerer det meste av sjømatnæringa, utanom fiskarane på havet. Allereie hausten 2017 starta vi arbeidet med å sjå på korleis vi kunne ta fatt i FNs berekraftsmål. Våren 2018 valde vi ut åtte av desse som ligg i vår «bibel»: Sjømat 2030.
Her set vi oss klare mål om å vere ein globalt leiande produsent av sunn mat. Vi skal levere sjømat, marine ingrediensar, produksjonskompetanse og teknologi i verdsklasse. Gjennom berekraftig produksjon og innovasjonar skal norsk sjømatnæring vere Noregs viktigaste bidrag til å nå FNs berekraftsmål, med andre ord, vi tek eit blått taktskifte.
Ja, vi har framleis utfordringar, som journalist Todal peikar på. Innan havbruk går det heldigvis rette vegen med tanke på rømming i havbruk. Oversikta som vert oppdatert kvar dag hjå Fiskeridirektoratet, syner at 2194 fisk har rømt så langt i 2021 (veke 36). Utviklinga dei siste ti åra peikar òg rett veg. Tal frå utfisking.no syner også svært låge tal på innblanding av rømt laks i elvene.
Når det gjeld lus, har vi framleis ein del å ta fatt i. Heldigvis ser vi at verktøykassa vert stadig større. Ny spennande innovasjon og hjelpemiddel gjer at arbeidet vert meir vellukka. Fiskeri og havbruknæringa sitt forskingsfond har òg aldri før gjeve så mykje midlar til ulike prosjekt som skal betre arbeidet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.