Bistand: Vår tru på pengarBISTANDTRYGVE REFSDALVOSSInnlegga til Terje Tvedt i Dag og Tid er viktige. Dei har vekt litt debatt. Men kva har me lært?
Innlegga til Terje Tvedt i Dag og Tid er viktige. Dei har vekt litt debatt. Men kva har me lært?
Bak mykje av vår bistand ligg ei tru på at våre pengar skapar utvikling. Mi røynsle, etter å ha sett bistandsprosjekt i mange land og over lang tid, både vellukka og mislukka, er klår: Dei beste resultata finn me der det er brukt lite pengar, og der arbeidet er forankra i lokal økonomi og arbeid, og i lokale marknader. Til slik innsats trengs det tid, kontinuitet og praktisk kunnskap. Med evne til å lytta og til å sjå nyansar i ein fattig økonomi. Store pengar har ingen plass der.
Eg møtte ein norsk misjonær i Etiopia for mange år sidan, han hadde arbeidt i nær tretti år i landet. Me snakka om ymse organisasjonar, knytte til naudhjelp. «Men kvifor brukar dei så mykje pengar?» sa han. Han sjølv hadde studert korleis folk på landsbygda overlevde i kritiske periodar, og han hadde skrive om det. Her var kunnskap som no lett går tapt.
Egil Teslo, bonde frå Ringsaker, sa det slik: «Det er veldig arbeidskrevjande å bruka pengar i Babati!» Han arbeidde i eit svenskstøtta prosjekt, i Babati i Tanzania, med uvanleg gode resultat. Då SIDA-folk såg dette, ville dei fleirdobla løyvingane. Men Egil sa nei takk. Om det tradisjonelle jordbruket i området sa han: «Du må spørja dei som dyrkar jorda, og studera det dei gjer. Dei veit mest, for dei har budd her lengst.»
Landbruk og matproduksjon er eit grunnlag for all utvikling, og det er nok det viktigaste for dei fattige. Men støtta til landbruk står no for godt under 2 prosent av Norad sitt budsjett.
Som ei «humanitær stormakt» brukar me store pengar for å løysa konfliktar og i fredsprosessar, i eit slags «sjekk-diplomati». Våre pengar skal òg hindra hogst av regnskog.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.