Bingen lenser i Sørum TømmerfløytingNils U. Hagen og Berit LeikhammerFrå oppgangssaga kom på 1500-talet, har dei fløytt tømmer nedover Glomma, og tidleg vart Bingen lenser i Sørum staden for å sortere tømmeret. Då bygde dei tømmerkar som feste for kraftige

Medan vi ventar på vedtak om freding, restaurerer vi eitt av kara, slik fløytarane dreiv med vinterstid i alle år, skriv Hagen og Leikhammer.
Medan vi ventar på vedtak om freding, restaurerer vi eitt av kara, slik fløytarane dreiv med vinterstid i alle år, skriv Hagen og Leikhammer.
Publisert

Frå oppgangssaga kom på 1500-talet, har dei fløytt tømmer nedover Glomma, og tidleg vart Bingen lenser i Sørum staden for å sortere tømmeret. Då bygde dei tømmerkar som feste for kraftige lenser som skulle halde att tømmeret, så det ikkje flaut ut i Øyeren utan kontroll, men kom fram dit det skulle. Tømmerkara var digre, steinfylte laftekasser festa godt nedi elvebotnen med kraftige pålar. Etter sortering i store tømmerbuntar, kalla flak, rodde dei buntane medstrøms forbi Fetsund og ut i Øyeren. Noko skulle til Lillestrømsaga og dei mange sagene i Sagelva på Strømmen. I 1862 fekk Fetsund jernbanebru for Kongsvingerbanen. Tømmerflaka kom ikkje mellom brukara, og ein måtte flytte heile sorteringa ved Bingen nedanfor brua. Bingen lenser fekk ein rein atthaldsfunksjon. Etter den tida fungerte Bingen og Fetsund lenser som ein og same arbeidsplassen, berre med ulike funksjonar. Dei hadde same administrasjon, og fløytarbåtane vart nytta båe stader. Kor mykje tømmer dei skulle sleppe frå Bingen til Fetsund, vart avtalt dagleg.

I 1985 var det slutt på tømmerleiken i elva, og bilane tok over. Musikkprofessor Harry Kvebæk, som vaks opp i fløytarmiljøet i Fetsund, tykte det var ille at industriminna i elva skulle rotne bort, og tok til å arbeide med saka. I 1989 vart Fetsund lenser freda som kulturminne, mykje på grunn av Kvebæk sitt initiativ. Fetsund Lensemuseum er i dag eit attraktivt mål for mange, og ein del av Museene i Akershus. I staden vart det Bingen lenser som rotna bort, heilt til ihuga folk i Sørum skipa Bingen Lenseminneforening i 2011, og i målparagrafen les vi: å bevare Bingen lenser som teknisk industrielt kulturminne.

25. mai i 2016 var ein fager dag på Glomma i Sørum. I den gamle fløytarbåten «Vildanden» frå Bingen sat riksantikvar Jørn Holme, invitert av Marianne Grimstad Hansen, ordførar i Sørum kommune. Ved sjølvsyn skulle dei oppleve det som var att av lensene i Bingen. I kommunestyremøte same kvelden sa Holme:

«Det som var veldig tydelig for oss i dag, er at du ikke kan snakke om Fetsund lenser uten å snakke om Bingen. Bingen er opprinnelsen til alt, historisk sett, og Bingen er det største spektakulære lenseanlegget. Jeg ønsker å kunne inkludere Sørum og Bingen i det lenseeventyret som dere forteller i denne regionen.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement