Betre flaumsikring
Campingplassar i Aurdal er overfløymde etter ekstremvêret Hans.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ekstremvêr
Med dei klimaendringane me har hatt dei siste åra, vert me stadig meir og meir råka av ekstremvêr. Kva kan me gjere?
Me på Vestlandet har vore råka av dette, mellom anna med ras. Likevel er det på Austlandet, i Viken og Innlandet fylke, at skadane har vore verst, med store nedbørsmengder på kort tid. Dette vil nok også skje i framtida.
Med høge havtemperaturar som me har, er fordampinga stor, og væta må jo ned i form av regn. Nå ser me at det er store flaumskadar også i Sør-Europa, og at regnværet flyttar seg nordover derfrå og også austover frå England, og slo då saman til regnfenomenet Hans, som ramma oss hardt.
Gudbrandsdalsområdet har vore hardt ramma. Her ligg busetnad og jordbruk i stor grad langs breddene av Glomma. Sjølv flaumsikring som tidlegare er gjort, er ikkje nok.
Å flytta busetnad og jordbruk er teori utan reell meining. Løysinga må vera betre flaumsikring. Den enklaste måten er, etter reint logisk tankesett, å bli kvitt vatnet med å leia overskotet i flaumperiodar via tunellar over til Vestlandet. Nærast vil vera til Sognefjorden.
Med fall på tunellane vil ein kunne nytta den sikraste gratis driftsmåten – som jo er tyngdekrafta.
Valdresflya ligg om lag på vasskiljet mellom aust og vest. På Bygdin ligg innsjøen Bygdin rett vest, med fall mot innsjøen Tyin og Sognefjorden. Mens innsjøen aust for Bygdin, Vinstervatnet, ligg om lag på same høgd, men då med fall austover til Gudbrandsdalen. Her kunne ein kanskje bygd ein kort tunell mellom dei to innsjøane Bygdin og Vinstervatnet, utan så stor skade for dei som bur der. Eit alternativ kunne vore pumpeanlegg?
Mesteparten av dei enorme utmarksområda i Innlandet, inklusive Jotunheimen og Dovre-området og delar av Trøndelag, har nedslagsfelt til Glomma.
Når det då brått kjem «årsnedbør» der på eit par dagar, og jorda er metta av vatn frå før, så går det gale.
Ved å knyta innsjøane Gjende, Bygdin, Tyin saman med fjelltunnel som fortset til Sognefjorden ved Øvre Årdal, kunne ein bli kvitt overskotsvatnet før det valda skadar. Ein slik tunnel kunne blitt på om lag 40 kilometer. Korleis, og om ein vil nytta vasskraftpotensialet til straum, er ein annan diskusjon.
Med den tekniske kompetansen ein i dag har, så må det kunne ordnast med automatiserte sluser for regulering av vatnet i den samanhengen.
Mykje av areala i Jotunheimen og på Dovre er freda, til liks med områda i Alpane i Sveits; men tunellar i fjellet kan aksepterast også der. Og tunell-løysingar vil til regel skape lite strid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.