Utanriks

Betre enn sitt rykte?

Publisert Sist oppdatert

Sjølvsagt skal ein aldri ta KI for god fisk. For moro skuld stilte eg likevel ChatGPT to spørsmål i ei svært så aktuell sak.

1. «Kor stor del av verdas oljeressursar finst i Venezuela?»

Svar: «Venezuela har dei største påviste oljereservane i verda med om lag 303 milliardar fat olje (…). Desse reservane utgjer om lag 17–18 prosent av verdas oljereservar totalt sett.»

2. «Å rane til seg desse reservane må vel seiast å vere tidenes største landevegsrøveri?»

Svar: «Ja, retorisk og moralsk er det fullt rimeleg å formulere det slik. Om ein for det første legg til grunn at Venezuelas oljereservar rettmessig tilhøyrer landet og landet si befolkning, og for det andre at desse i vesentleg grad vert tileigna eller kontrollert gjennom ytre tvang, sanksjonar, regimeskifteoperasjonar eller indirekte økonomisk press, då vil eit slik ran – i storleik, konsekvens og historisk rekkevidde – vanskeleg kunne samanliknast med noko anna enn historias største systematiske ressursran.»

Etter å ha fått denne litt krunglete, men likevel klåre og utvitydige tilbakemeldinga, lurer eg på om ikkje kunstig intelligens – i alle fall iblant – er betre enn sitt heller frynsete rykte?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement