Bestseljaren «Noregs Nasjonale Flora»
Det botaniske standardverket Norsk flora frå Samlaget er kome i ei ny og modernisert åttande utgåve.
Sidan førsteutgåva i 1944 har Norsk flora vore dominerande som handbok over bufaste planter i Noreg. Både artiklane om den einskilde planta og den faglege rettleiinga elles er skriven på nynorsk.
I motsetnad til mange andre nynorske utgjevingar er denne handboka svært omtykt og dominerande i marknaden på fagområdet sitt. Når slikt skjer, fortener det å få søkjelyset på seg. Finst det grunnar til at nynorsk språk og det botaniske fagområdet er ein god kombinasjon?
Mangfald i botanikk og språk
Ei jamføring mellom nynorskens byggjesteinar og botanikkens grunnlag avdekkjer ein fellesskap i mangfaldsrikdom. Nynorsken er eit samlande uttrykk for talemålet i bygd og by. Ikkje minst uttrykkjer dette talemålet breidda i det norske ordtilfanget som er utvikla utifrå geografiske og sosiale føresetnader. Tilsvarande er det eit mangfald i planteverda, både mellom artar og innanfor artar. Begge fagområda har det til felles at dei dannar økologiske system med gjensidig samspel av einskilddelane.
I naturen er verdet av mangfaldet som einskilddelane skaper, nærast sjølvinnlysande. Det bør det også vere på språkfeltet, der nynorsken med sitt mangfald representerer ein vital «grøn» del av norsk språk.
Ivar Aasen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.