Dyrevelferd
Berg mjølkegeitene
Med tusenvis av støttespelarar på Facebook går kanskje flokken med ville geiter på Kvist i Sognefjorden ei sikrare framtid i møte.
Foto: Odd Arild Loseth
Nina Svartedal, seniorrådgjevar i Nibio, skriv i Dag og Tid 28. mars om sine erfaringar med ammegeiter på småbruket sitt. Geitene forlèt kjea inne og blir med flokken ut på beite.
Ho har sikkert rett i det. Men det er stor skilnad på moderne ammegeiter og den gamle rasen av mjølkegeiter på Kvist.
Arne Bekkevoll hadde tidlegare gamle norske mjølkegeiter lik dei på Kvist, og gjetarhundane hans våga ikkje å kome nær geitene når dei hadde kje. Og dei forlét aldri kjea sine.
Det undrar oss at Svartedal vil krysse inn kystgeit i flokken på Kvist. Merkeleg bevaringsarbeid. Dette er ein heilt annan rase. Det blir omtrent som om vi skulle krysse vestlandsk fjordfe med jerseykyr for å bevare dei. Og rasen blir borte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.