Barn og liv
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Abort
Feministar, kom på banen! Ein ideologi med «femi» i namnet kan ikkje la vere å fremje det mest feminine av alt, nemleg å bere fram barn. Me som er så modige og sterke, må prioritere barnefødslar no i ei tid der det kommersielle presset for å ha god økonomi og sjå vellukka ut er so stort at ein ikkje rekk å ta seg av dei barna som vert danna i den vellystige livsførselen.
Kan me då kalle eit foster for «barn»?
Ja. Det har snike seg inn ei oppfatning om at foster ikkje er liv laga før etter ei viss tid. Det er medisinsk feil og må tilbakevisast fort. Eit uttrykk me må vurdere korleis me brukar, er «ikkje levedyktig». Ein høyrer og les at eit til dømes ti veker gamalt foster ikkje er levedyktig. Ikkje levedyktig? Sjekk kva som skjer, då, viss det får vere i fred – etter nokre månader kjem det ut som ein sprell levande baby. Har det då ikkje levd i mellomtida? Eit lite foster er så levedyktig som det går an å vere. Det til og med veks og utviklar seg. Kven elles kan klare å leve viss nokon hindrar mattilførselen deira?
Ein meiner «ikkje levedyktig utanfor livmora». Og når ein i den daglege samfunnsdebatten utelet den presiseringa, «utanfor livmora», vil det feste seg eit inntrykk av at dei små fostera enno ikkje har livets rett.
Nokon døyr av seg sjølv i mors liv, og nokon døyr etter at dei er fødd, den sorga må me ta når ho kjem.
Det er altså barn som vert hindra i å få leve opp fordi samfunnet ikkje har den hjelpa som trengst for mora.
Den maskuline, nødvendige delen av graviditeten er allereie fortid, men mannen kan sjølvsagt vere med for fullt når barnet kjem ut. Å passe, mate og stelle barnet kan han til og med greie åleine, men nett den tida frå då fosteret vert avla til det kjem ut som baby, er det berre kvinna som står for.
«Me må rette opp maktbalansen mellom kjønna», vert det sagt. Derfor har ikkje kvinnene tid til barna. Andre kulturar ville sagt at dei tvert imot gjev frå seg sjansen til å rette opp maktbalansen når dei skuslar bort høvet til å ha ein barneflokk dei kan oppdra til samkjensle, sjølvkjensle, pågangsmot og rettferd, i ein lun heim der ein styrer tida sjølv.
Viss dette vekkjer assosiasjonar til mellomalderen, er det heilt greitt. Det er, trass alt, mykje bra med mellomalderen, som tid til å leve, respekt, glede og takksemd over å få barn.
Eg vonar at folk no framover må få rett opplysing og oppfatning av kva tid menneskelivet byrjar. Eg vonar òg at me i vanskelege situasjonar kan hjelpe kvarandre med å passe dei barna som vert til.
Anne Gunn Pettersen er pensjonert lærar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.