Attende til kva me skal gjere med Nav
Sjølvaste arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte gav 23. juni eit framifrå svar på mitt lesarinnlegg «Kva skal me gjere med Nav?» (Dag og Tid 16. juni). Han meiner at eg la fram påstandar som enten var direkte feil eller delvis feil. Eg kan ikkje la det stå uimotsagt.
Det må au seiast at Nav er politisk styrt, og dei grunnleggjande endringane må koma frå Stortinget, som jo var difor eg avslutta innlegget mitt med å vende meg til politikarane. Det er diverre avgrensa kva Holte kan få til utan politisk vilje.
Så tilbake til Holtes svar. Holtes påstand om at Navs løyving «reelt sett» har lege flatt sidan 2017 må gravast i. Auka ikkje løyvinga til Nav astronomisk i koronaåra? Samtidig påpeikar Holte at store delar av Navs budsjett vert brukt til å utvikle digitale tenester. Dette er jo noko som skulle redusera naudsynet til so mange tilsette, men likevel svarar berre Holte at Navs statlege tilsette er omkring det same som i 2017, berre om lag 1000 fleire i dag på grunn av korona.
Eg spurde ikkje Nav v/direktøren om kor mange statlege tilsette Nav har. Eg spurde om kor mange tilsette Nav har hatt, kommunale og statlege, i perioden 2006 til 2023. Dette talet har eg leitt etter lenge, men det er særs vand å få fatt i. Eg utfordrar att Nav om å gjere dette talet offentleg lett tilgjengeleg. Holte skriv at han har tillit til at skattepengane til einingane blir nytta best mogleg. Tillit er fint, men det må faktisk konkrete insentiv til viss ein ynskjer resultat. Heller ikkje her la eg fram noko som var feil, eg har 14 år med erfaring i fleire einingar kor kontantprinsipp og mangel på langtidsbudsjett var eit stort problem.
Holte meiner eg tar direkte feil om lokale Nav-kontor. Eg sa at dei for det meste tar imot søknadar og gjev generell rettleiing. Holte påpeikar at dei fleste statleg tilsette har oppfylging av menneske med redusert arbeidsevne tilbake i arbeid. Dette stussar eg på, ettersom arbeidsavklaringspengar er noko som blir sakshandsama i forvaltningseiningar, ikkje lokale Nav-kontor.
Konsulentbruken skriv Holte at er eit resultat av Navs satsing på digitalisering, og at effekten av denne satsinga vil sjåast i 2026. Eg har sett enorme digitale satsingar opp gjennom åra i Nav, og alle kjem med lovnadar om redusert ressurstrong. Eg har som sagt til gode å sjå dette i praksis. Og kvifor må Nav nytte eksterne konsulentar i så enorm grad? Eg viste til ei auke på svimlande 53 prosent sidan 2017. Holtes forklaring om ei generell satsing på IT blir for tynn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.