JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Åtaket på Hongkongs skuleverk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3981
20231020
3981
20231020

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Utanriks

Faget Liberal Studies vart obligatorisk i Hongkong i 2009. Det er eit samfunnsfag der kritisk tenking og individuelt engasjement står i sentrum. Formålet med faget er å skapa «informerte, rasjonelle og ansvarlege borgarar i lokale, nasjonale og globale fellesskap».

Ulike faktorar ligg bak innføringa av faget. Mellom anna har Hongkongs minigrunnlov paragrafar som peikar fram mot innføring av allmenne val. Dette fordrar eit kritisk og breitt samfunnsengasjement, som faget legg til rette for.

Men slik tankegang er under press. I 2010 lanserte den Beijing-lojale byregjeringa eit nytt fag som skulle dekkja «moralsk og nasjonal utdanning». Med det nye faget ville vegen liggja open for kvitvasking av historiske hendingar som svoltkatastrofen under Det store spranget under Mao og massakren etter protestane på Himmelfredsplassen.

Det vart danna fleire aksjonsgrupper for å stansa innføringa av det nye faget. Elevorganisasjonen Scholarism fekk særleg stor betydning. Organisasjonen vart danna av 14 år gamle Joshua Wong. Scholarism stod bak ei rekkje protestar, med okkupasjon og sveltestreik ved kontora til byregjeringa. Det heile kulminerte med ei markering i september 2012, der meir enn 100.000 kravde at reforma måtte leggjast til side. Dagen aksjonen vart avslutta, offentleggjorde styresmaktene at reforma ville bli lagd vekk.

Scholarism vende deretter merksemda si mot kravet om demokrati. 31. august 2014 gjekk sentralstyresmaktene i Beijing bort frå sitt løfte om frie val på leiaren i byregjeringa. Elevar og universitetsstudentar reagerte med undervisningsboikott.

Etter ein demonstrasjon tok elev- og studentleiarar, med Joshua Wong i spissen, initiativ til å innta ein plass utanfor byregjeringskontora. Det kom til samanstøytar med politiet. Demonstrantar vart arresterte, og fleire vart sende til legevakta. Denne hendinga gav støyten til gateokkupasjonane i den såkalla Paraplybevegelsen. Elevar og studentar fekk dermed ein framståande posisjon i Hongkongs bybilete.

Den neste protestrørsla i 2019 vart utløyst av eit lovframlegg om utlevering til Fastlands-Kina. Dette ville undergrava Hongkongs sjølvstendige rettsvesen. Elevar og studentar fekk endå ein gong ei betydeleg rolle.

Mest internasjonal merksemd fekk samanstøytane mellom studentane og politiet. Men engasjementet var mykje breiare: Fredelege demonstrasjonar samla ved fleire høve 1–2 millionar menneske. Elevar frå meir enn 100 vidaregåande skular gjekk saman om å danna menneskekjeder og ropa slagord til støtte for protestrørsla. Lovframlegget om utlevering til Fastlands-Kina vart trekt tilbake.

Engasjementet for ytringsfridom og demokrati kolliderte likevel med kommunistpartiets syn på kritikk og kontroll. Styresmaktene førebudde ei omvelting. I ein leiarartikkel frå mai 2020 kravde partiorganet China Daily at alle «virusberarar» i Hongkong-skulen måtte fjernast. Så innførte Beijing ei nasjonal tryggingslov som innebar at all kritikk å snakke om vart kriminalisert.

Skulen kom umiddelbart i søkjelyset: Det vart sett i gang etterforsking av 200 lærarar. Nyheitsbyrået Xinhua publiserte ein artikkel som omtalte lærarforeininga som «ein vondsinna svulst» som måtte «utryddast». Partiorganet People’s Daily trykte eit innlegg som kravde at foreininga måtte «rykkast opp med rot» for å redda den unge generasjonen i Hongkong.

Dei siste avgangselevane med Liberal Studies gjekk ut i mai i år. Same månaden tok Hongkong-politiet eit initiativ for kameraovervaking i klasseromma. Hjernevaskinga som Joshua Wongs Scholarism vart danna for å kjempa mot, er på veg. Småbarnsforeldre og lærarar emigrerer no i hopetal. Hongkong mistar dei skarpaste hjernane sine, den stolte skulehistoria si og dei varmaste forsvararane av verdiar og rettar som ei stund var felles for folk i Hongkong og i land som Noreg.

Arne Melsom er nestleiar i Hongkongkomiteen i Noreg.

Eivind Karlsson er førstelektor ved lærarutdanninga ved OsloMet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis