Arvid Brodersens Berlin
Marte Michelet gjer Arvid Brodersen til ein slags nazist og antisemitt. Skal vi tru at han lurte sine jødiske vener i alle åra dei levde, spør Øyvind Glosvik.
Kronikk
Arvid Brodersen vart del av eit fellesskap av folk med både katolsk, protestantisk og jødisk bakgrunn.
Marte Michelet (MM) har fått hard medfart for kjeldebruken i boka Hva visste hjemmefronten (Gyldendal, 2018), dokumentert i Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste Hjemmefronten av Berggren, Bruland og Tangestuen (BBT). Det er all grunn til å vere imponert over dette arbeidet. Sjølv har eg prøvd å nærlese noko av det Michelet skriv om sosiologen Arvid Brodersen (AB), og eg finn mange ting som uroar meg.
Under krigen var Arvid Brodersen kontaktperson mellom den tyske motstandsrørsla og den norske heimefronten. Han måtte sjølv flykte til Sverige i 1944. Som Michelet fortel, vart han nytta som tolk under dei såkalla riksrådsforhandlingane i 1940. MM reiser ein hypotese om at det var fordi han hadde hatt eit nært forhold til nazismen. Ho nemner ikkje den mest opplagde grunnen til at dåverande rektor ved Universitetet i Oslo bad Brodersen om å fungere som tolk: at han var god i tysk og kjende Tyskland godt.
Brodersen tok til å studere i Berlin i 1925 og tok i 1931 doktorgrad i eit religionssosiologisk emne som empirisk bygde på jødisk historie. I tida etter studiane var han ei tid huslærar i Berlin, før han i 1932 reiste heim til Trondheim og vart lærar ved Handelsgymnasiet. I 1934 vart han henta til Universitetet i Oslo og var stipendiat ved Universitetet i Chicago (1935–1936).
Han hadde mange kontaktar i Tyskland og publiserte både der og i norske aviser om tyske emne. Michelet gjer Brodersen til ein slags nazist og antisemitt, men i sin gjennomgang av eit utval av tekstane hans, avviser BBT dette. Han var djupt konservativ, men elles er han mellom dei som ein faktisk kan dokumentere at ville gjere meir for å hjelpe jødar på flukt.
Det er likevel ikkje alle kjelder og påstandar Berggren, Bruland og Tangestuen går etter i saumane. I det følgjande ser eg difor på to andre punkt i Michelets omtale og tolking av Arvid Brodersen.
«... var ett møte nok»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.