Ar­ki­ve­ring

Arkivverket før og no

Publisert Sist oppdatert

Inga Bol­stad skriv i Dag og Tid 10. ok­to­ber 2025 om Ar­kiv­ver­ket før og no. Bol­stad er lite opp­te­ken av å vur­de­re re­sul­tat­sta­tus for Ar­kiv­ver­ket et­ter sine elleve år som riks­ar­ki­var. Ho vil hel­ler sjå fram­over.

Tida et­ter riksarkivarskiftet i 2014 teik­nar ho mest som ei føre­bu­ing til komande år med opp­gå­ver på eit heilt anna si­vi­li­sa­sjons­trinn enn i den en­k­le ar­kiv­ver­da før hen­nar tid.

Ta­let på stat­le­ge av­le­ve­rin­gar av di­gi­talt skap­te ar­kiv til Ar­kiv­ver­ket har i alle år vore eit vik­tig re­sul­tat­mål for Kul­tur­de­par­te­men­tet. Ta­let steig jamt og trutt fram til 2014. For femåret 2010–2014 var det to­talt 365. Tala i Bolstads tid har til sa­man­lik­ning vore 343 for åra 2015–2019 og 351 for femåret 2020–2024. Med an­dre ord: ei ut­vik­ling med stag­na­sjon et­ter 2014. Av års­mel­din­ga­ne går det dess­utan fram at tala har vore dra­ma­tisk lågare enn re­sul­tat­må­la.

Bol­stad av­vi­ser all sa­man­lik­ning med tida før. Frå det ho ser som ein tid­le­ga­re pas­to­ral idyll, har av­le­ve­rin­ga­ne i hen­nar tid vak­se og fått næ­rast gran­di­o­se di­men­sjo­nar, hev­dar ho. Det­te bi­le­tet er sterkt for­teik­na. Både før og et­ter skif­tet i 2014 har ei hovudtyngd av dei di­gi­ta­le av­le­ve­rin­ga­ne kome frå Noark-ba­ser­te sys­tem. Vo­lu­ma kan ha auka (med elekt­ro­nis­ke saks­do­ku­ment frå 1999 av), men ik­kje kom­plek­si­te­ten. For ar­kiv­stan­dar­den Noark har vore den same hei­le ve­gen. Inga Bol­stad har sjølv sytt for å fry­se den­ne stan­dar­den og kunn­gjort ei av­vik­ling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement