Utanriks
Arkiva frå Oslo-prosessen
Terje Rød-Larsen har sete på det han omtala som eit «omfattande privatarkiv» .
Foto: Tor RIchardsen / NTB
Av eldre klagemål mot Terje Rød-Larsen, fyrst frå historikaren Hilde Henriksen Waage, er at han ikkje har gjeve frå seg arkiva sine frå forhandlingane under Oslo-prosessen, sjølv om Riksarkivaren utrykkeleg bad om dei, i 2006. Noko arrogant avviste Rød-Larsen kravet og viste til at det er privatarkivet hans, som han vil gje til «et internasjonalt anerkjent arkiv i utlandet».
Fram til for om lag eit år sidan stødde Utanriksdepartementet Rød-Larsen i arkivnekten. Da saka over var oppe i 2006, sa talsmannen at Rød-Larsen ikkje hadde dokument frå Oslo-prosessen som var sakna i arkiva til departementet. Det var Jonas Gahr Støre som var utanriksminister i 2006. Og dette standpunktet vart ståande under alle etterfølgjarane hans – til i januar 2025.
Ein ny talsperson, under utanriksminister Espen Barth Eide, uttala da til Dag og Tid (« Kuvending i UD », 10. januar 2025) at fleire av dokumenta har historisk verdi og skulle ha vore del av arkiva i staten. Utanriksdepartementet hadde gjort fleire forsøk på å få tak i dei, men utan å lykkast. «Det er beklagelig», sa talsperson Ane Elise Jørem til vekeavisa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.